Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Grunnskule og vidaregåande opplæring

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar, mens fylkeskommunen har ansvaret for opplæringa på vidaregåande nivå. Også godkjende private skular kan tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleier fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og friskulelova. Statsforvaltaren skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing. 

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

 

Vis meir


04.03.2013

Kroppsøvingsfaget i grunnskolen og vidaregåande opplæring

Fylkesmannen i Hordaland inviterer til samling om endringar i faget kroppsøving i grunnskulen og vidaregåande opplæring. Representantar frå Utdanningsdirektoratet vil stå for det faglege innhaldet.


29.01.2013

Fleire elevar fritekne frå nasjonale prøver

Fylkesmannen i Hordaland har oppsummert erfaringar frå gjennomføringa av nasjonale prøver i 2012. Frå 2010 til 2012 har det vore ein liten auke i talet på elevar i Hordaland som er fritekne frå nasjonale prøver.


18.01.2013

Korleis snakke med barn om kriser

Dei dramatiske hendingane i Algerie og mediestormen som følgjer med gjer at mange blir urolige, ikkje berre dei som er direkte ramma. Her finn du råd om korleis ein kan snakke med barn og ungdom om dette. 


18.01.2013

Åttandeklassingar vel tradisjonelt

Valfag er innført for elevar på åttande trinn i ungdomsskulen. Tala for inneverande skuleår viser at elevane i Hordaland vel fag etter tradisjonelle kjønnsrollemønster.


19.12.2012

Ungdom avslører miljøtruslar


07.12.2012

Færre klager på standpunktkarakterar

Etter ei auke i antal klager på standpunktkarakterar i grunnskulen dei siste åra, er det i år færre klager enn på lenge. Truleg er dette eit resultat av at skulane har lukkast med eige vurderingsarbeid.


06.12.2012

Kan ein elev få fri frå delar av ein skuletime kvar veke?

Fylkesmannen i Hordaland har ikkje gitt medhald i ei klagesak der ein elev har søkt om fri frå delar av ein skuletime kvar veke i eit heilt skuleår.  


06.12.2012

Følgjer med på inneklima

Fylkesmannen fører tilsyn med Bergen kommune etter meldingar frå publikum og media om forfall i skulane. Det store etterslepet når det gjeld vedlikehald av skolebygg har gått ut over inneklimaet og læremiljøet for elevar og lærarar. I nokre tilfelle har det ført til at kommunen har stengt skular og klasserom. 


05.12.2012

Ny påmeldingsfrist til FRI: 1. februar 2013

Førebels er 52 prosent av ungdomsskuleelevane i Hordaland påmelde til å delta i FRI-programmet mot tobakk neste skuleår. Det er for lite, og Fylkesmannen oppmodar med dette alle ungdomsskulane om å melde seg på før 1. februar 2013.