Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Grunnskule og vidaregåande opplæring

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar, mens fylkeskommunen har ansvaret for opplæringa på vidaregåande nivå. Også godkjende private skular kan tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleier fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og friskulelova. Statsforvaltaren skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing. 

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

 

Vis meir


13.12.2013

Regional leiarsamling i Bergen 18. og 19. februar 2014

Vox, i samarbeid med IMDi og Utdanningsdirektoratet, arrangerer regional leiarsamling i Bergen 18. og 19. februar 2014.


23.10.2013

Psykologar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene - rekrutteringstilskot

Kunnskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet lyser ut rekrutteringstilskot for å tilsette psykologar i kommunane si helseteneste for å betre tilbodet til menneske med psykiske problem og/eller rusmiddelproblem. I målgruppa er og born og unge som står i fare for å falle ut av, eller har falt ut av skulen. Det er kommunane som må stå som søkjar og ein søkjer via heimesida til Helsedirektoratet. Søknadsfrist 10. desember 2013, men søknadar blir handsama fortløpande.


21.10.2013

Mange lærarar ønskjer vidareutdanning

Kompetanse for kvalitet er ei statleg satsing på vidareutdanning for lærarar. Søknadane i år viser at det framleis er eit stort ønskje om vidareutdanning i Hordaland. I august 2013 var det 479 lærarar som hadde søkt mot 420 i fjor. Totalt fekk 130 lærarar innvilga søknaden, og det er om lag det same som i fjor.


24.09.2013

Rett til utsett skulestart

Fylkesmannen svarar her på spørsmål i tilknyting til opplæringslova § 2-1 tredje avsnitt om rett til utsett skulestart.


18.09.2013

Ny forskrift om inntak til vidaregåande opplæring

Kunnskapsdepartementet har vedtatt endringar i reglane om inntak til vidaregåande opplæring og formidling av lærlingar og lærekandidatar.


29.08.2013

Vil du bli rettleiar?

Har du bakgrunn som skuleeigar eller skuleleiar og erfaring frå skuleutviklingsarbeid, så kan du søkje om å bli med i nasjonalt rettleiarkorps i regi av Utdanningsdirektoratet.


13.08.2013

Rapportar frå skriftleg eksamen i grunnskulen 2013

Oppmennene i norsk, engelsk og matematikk i Hordaland har laga rapportar som oppsummerer erfaringar frå eksamen våren 2013. Rapportane byggjer på oppmennene sine eigne erfaringar frå sensurarbeidet, samt innspel frå sensorane i dei ulike faga.


27.06.2013

Datoar for skriftleg eksamen i grunnskulen 2014


14.03.2013

Skulestruktur

Utdanningsavdelinga får ein del spørsmål om endring av skulestruktur, særleg i samband med nedlegging av skular. Vi viser difor til dokument som omhandlar dette emnet.


04.03.2013

Arbeidslivsfaget hausten 2013

Kommunar og skular som vil starte med arbeidslivsfag for 8. trinn hausten 2013, kan gjere det utan å søkje om forsøk.