Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Grunnskule og vidaregåande opplæring

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar, mens fylkeskommunen har ansvaret for opplæringa på vidaregåande nivå. Også godkjende private skular kan tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleier fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og friskulelova. Statsforvaltaren skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing. 

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

 

Vis meir


26.05.2014

Elevars rett til å bli høyrde

Alle skular skal legge til rette for at elevane har reell medverknad og at dei får gi uttrykk for sitt syn i saker som gjeld dei.


29.04.2014

Miljø og helse i skulen

{PagePropertyPlugin}

14.04.2014

Lysark frå samling om realkompetansevurdering

Fylkesmannen hadde 9. april samling for kommunane om realkompetansevurdering i grunnskulen på Radisson Blu Royal Hotel på Bryggen. Vi har lagt ut lysark med presentasjonane frå samlinga. 


08.04.2014

Stor søkning til vidareutdanning for lærarar i Hordaland

Tal  frå Hordaland viser at 548 lærarar i grunnskulen og 193 i vidaregåande opplæring har søkt om vidareutdanning for skuleåret 2014/15. 


03.03.2014

Skular bryt retten til gratis opplæring

Eit viktig prinsipp i Noreg er at den offentlege grunnskuleopplæringa skal vera gratis. Tilsyn viser at ikkje alle kommunar sikrar at denne retten vert oppfylt.


24.02.2014

Faktatal frå GSI (Grunnskolens Informasjonssystem)

Her finn du dei viktigaste tala frå grunnskulen i Hordaland for inneverande skuleår.


14.02.2014

Feil i opplæringslova

På Lovdata.no er det en feil i opplæringslova § 5-5. Dette gjeld kor ofte skulen skriftleg skal vurdere utviklinga til eleven. 


14.02.2014

Permisjon frå opplæringa i grunnskulen

Etter opplæringslova § 2-11 kan kommunen etter søknad gi ein elev fri frå grunnskuleopplæringa i inntil to veker når det er forsvarleg. Elevane har ikkje har rett til permisjon.


04.02.2014

Vidareutdanning for lærarar og rektorutdanning

Studieåret 2014/2015 vil staten dekkje 75 % av vikarkostnadene for studiar i matematikk og naturfag, og 60 % av vikarkostnadene i alle andre fag i vikarordninga. Regjeringa innfører også ei ny stipendordning for vidareutdanning for lærarar.


16.12.2013

Erfaringar frå nasjonale prøver

Erfaringar frå gjennomføringa av nasjonale prøver syner at det frå 2010 til 2013 har vore ein liten, men jamn auke i talet på elevar som er fritekne for nasjonale prøver. Dette er ei utvikling som Hordaland deler med resten av landet. Talet på elevar som står oppført utan resultat på prøvene har derimot ein minkande tendens.