Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Grunnskule og vidaregåande opplæring

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar, mens fylkeskommunen har ansvaret for opplæringa på vidaregåande nivå. Også godkjende private skular kan tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleier fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og friskulelova. Statsforvaltaren skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing. 

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

 

Vis meir


10.12.2014

Tilskot til førebygging av uønskte svangerskap og abort 2015

Det er no mogleg å søkje Fylkesmannen om tilskot til førebygging av uønskte svangerskap og abort og tiltak for betre seksuell helse for 2015. Søknadsfristen er 20. januar 2015.


04.12.2014

Kurs i bruk av RefLex

Fylkesmannen i Hordaland inviterer til informasjonsmøte 7. januar 2015 om RefLex – eit nettbasert verktøy som skal gi offentlege skular og skuleeigarar hjelp til å vurdere om eigen praksis er i samsvar med opplæringslova med tilhøyrande forskrifter. RefLex kjem i januar 2015.


28.11.2014

Vidareutdanning i matematikk for lærarar på 1. – 7.trinn

MatematikkMOOC  er ei nasjonal utprøving av ein nettbasert vidareutdanningsmodell som skal danna grunnlag for andre vidareutdanningstilbod. Utdanningsdirektoratet ynskjer ei tilbakemelding om kva skuleeigarar og skular i Hordaland som ynskjer å delta hausten 2015. Svarfristen er 9. januar 2015.


26.11.2014

Ny oversikt over barns helse i Bergen

Bergen har som første kommune i landet utarbeidd ei geografisk oversikt over helseåtferd og påverknadsfaktorar blant barn i alderen 0 til 13 år.


24.11.2014

Fleire elevar blir fritekne for nasjonale prøver

Fylkesmannen har oppsummert erfaringar frå gjennomføringa av nasjonale prøver i Hordaland i 2014. Frå 2010 til 2014 har det vore ein liten, men jamn auke i talet på elevar som er fritekne. Dette er ei utvikling som Hordaland deler med resten av landet. Talet på elevar som ikkje har delteke, eller står oppført utan resultat på prøvene er om lag på same nivå som i 2013.


20.10.2014

Plikt til skule og rett til trygg skuledag

Så lenge vi har barn og ungdom som ikkje trivst i skulekvardagen, blir halde utanfor fellesskapet, blir utsette for krenkingar og blir mobba, må alle som har eit ansvar for elevane gjere det vi kan for å hindre at dette får skje.


12.08.2014

Nytt til skuleåret 2014/2015

Utdanningsdirektoratet har publisert eit oversyn over kva som er nytt for skuleåret 2014/15. Saka blir oppdatert fram mot skulestart.


11.08.2014

Rapportar frå skriftleg eksamen i grunnskulen 2014

Oppmennene i norsk, engelsk og matematikk i Hordaland har laga rapportar som oppsummerer erfaringar frå eksamen våren 2014. Rapportane byggjer på oppmennene sine eigne erfaringar frå sensurarbeidet, samt innspel frå sensorane i dei ulike faga.


12.06.2014

Endring av datoar for skriftleg eksamen i grunnskulen 2015

Utdanningsdirektoratet har revidert tidsplanen for skriftleg eksamen i grunnskulen 2015. Eksamensdato for matematikk er endra fra 18. til 20. mai. På bakgrunn av dette har Fylkesmannen endra dato for fellessensur i Hordaland frå 16. til 17. juni og dato for sensorsamling frå 2. til 3. juni.


03.06.2014

Tobakksfri skuletid frå 1. juli 2014

Frå og med komande skuleår er det forbode å snuse eller røyke tobakk i skuletida, både på og utanfor skuleområdet. Med dette har også skuleelevar fått rett til eit tobakksfritt miljø, ein rett som til no berre arbeidstakarar har hatt, skriv Helsedirektoratet.