Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Grunnskule og vidaregåande opplæring

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar, mens fylkeskommunen har ansvaret for opplæringa på vidaregåande nivå. Også godkjende private skular kan tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleier fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og friskulelova. Statsforvaltaren skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing. 

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

 

Vis meir


25.06.2015

Datoar for skriftleg eksamen i grunnskulen 2016

Utdanningsdirektoratet har fastsett tidsplanen for skriftleg eksamen i grunnskulen 2016. På bakgrunn av dette har Fylkesmannen sett onsdag 15. juni som dato for fellessensur i Hordaland.


22.06.2015

Kommunar med nyankomne minoritetspråklege elevar kan søkje om midlar til svømmeopplæring

Fylkesmannen i Hordaland har fått i oppdrag frå Utdanningsdirektoratet å invitere kommunane i fylket til å søkje om midlar til svømmeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar.


10.06.2015

Kva reglar gjeld når skulen endrar klasser eller grupper?

Avgjerder om at klassar eller grupper skal endrast er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova. Slike avgjerder kan difor ikkje klagast på og må heller ikkje grunngjevast etter reglane i forvaltningslova. Det finst likevel fleire reglar skulen må følje dersom den skal ta slike avgjerder.


19.05.2015

Felles rapportering for vidareutdaning for lærarar for haust- og vårsemesteret 2014-2015 fell bort

Skuleeigarar skal ikkje rapportere særskild på vidareutdanning for lærarar for 2014-2015. Opplysningar som ligg i søkjarsystemet er tilstrekkeleg til å dokumentere at gjennomføringa er i tråd med tildelte midlar.


28.04.2015

Søknad om skulebyte og elevane sitt skulemiljø heng ofte saman

Etter søknad kan eleven takast inn på ein annan skule enn den eleven soknar til. Alle elevar har også rett til eit godt skulemiljø på den skulen dei allereie er tatt inn på. Kommunane må i saksbehandlinga si sjå desse to rettane i samanheng.


27.04.2015

Fylkesmannen har oppsummert rapportane frå pulje 1 i Ungdomstrinn i utvikling

Ungdomstrinn i utvikling er ei nasjonal satsing der alle skular med ungdomstrinn i perioden 2013-2017 får tilbod om å delta. Fylkesmannen har gitt ei oppsummering av hovudmomenta frå rapportane til deltakarane i pulje 1.


18.02.2015

GNIST Hordaland – forum for samarbeid om lærarprofesjonen

GNIST som partnarskap vart avvikla i 2014, men i Hordaland, til liks med dei andre fylka i landet, ønskjer ein å vidareføre ein arena for dialog, samarbeid og medskaping til det beste for lærarprofesjonen i Hordaland.


10.02.2015

Utvida retningslinjer for tilskot til opplæring av barn og unge som søkjer opphald i Norge

Endringa vil gjelde frå og med skuleåret 2014/2015.


06.01.2015

Barnets beste og retten til å gå på nærskulen

Alle elevar i grunnskulen har rett til å gå på nærskulen. Fylkesmannen i Hordaland fekk inn 36 klagar på vedtak om skuleplass i 2014, og ga medhald i omlag halvparten av klagene vi behandla.


19.12.2014

Faktatal frå GSI (Grunnskolens Informasjonssystem)

Her finn du dei vikigaste tala frå grunnskulen i Hordaland for inneverande skuleår.