Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Grunnskule og vidaregåande opplæring

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar, mens fylkeskommunen har ansvaret for opplæringa på vidaregåande nivå. Også godkjende private skular kan tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleier fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og friskulelova. Statsforvaltaren skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing. 

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

 

Vis meir


11.08.2016

Rapportar frå skriftleg eksamen i grunnskulen 2016

Oppmennene i norsk, engelsk og matematikk har laga rapportar som oppsummerer erfaringar frå skriftleg eksamen våren 2016 i Hordaland. Rapportane byggjer på oppmennene sine eigne erfaringar frå sensurarbeidet, samt innspel frå sensorane i dei ulike faga.


10.08.2016

Nytt til skulestart 2016

Utdanningsdirektoratet har lagt ut oversikt over kva som er nytt i grunnskulen og vidaregåande opplæring til skulestart. Sidene bli oppdaterte etter kvart som det kjem noko nytt.


28.06.2016

Benjaminprisen 2016 – foreslå ein skole

Kvart år vert det delt ut ein pris til skolar som har arbeidd aktivt mot rasisme og diskriminering – Benjaminprisen. Prisen vert delt ut av kunnskapsministeren og består, i tillegg til heiderleg omtale, av eit diplom og ei pengegåve.


28.04.2016

Digital rettleiar om samarbeid mellom skule og barnevern

Rettleiaren som no er klar, skal bidra til betre samarbeid mellom skule og barnevern.


13.11.2015

Opplæring i personleg økonomi for ungdomsskuleelevar

Mange unge har liten kunnskap om personleg økonomi. Forbrukarrådet har lansert eit nytt læreverkty på feltet for elevar i tiande klasse.


19.10.2015

Blir standpunktkarakterane satt på riktig grunnlag?

Det har i år vore fleire elevar som klagar på standpunktkarakteren sin i grunnskulen i Hordaland enn det som har vore tilfelle dei siste åra. Mange av desse klagene får medhald hos Fylkesmannen, men langt frå alle endar opp med betre karakter.


03.09.2015

Universell utforming der barn er

Skular og barnehagar bør vere tilgjengelege for alle, men slik er det dessverre ikkje overalt. Høge dørstokkar, trapper og ubrukelege handikaptoalett er vanlege barrierar på landets skular.


01.09.2015

Ny undersøking av kosthaldet til barn og unge startar hausten 2015

Ungkost er ei landsdekkjande kosthaldsundersøking blant fireåringar og elevar i fjerde og åttande klasse. Undersøkinga skal gjennomførast i løpet av dette skuleåret.


13.08.2015

Rapportar frå skriftleg eksamen i grunnskulen 2015

Oppmennene i norsk, engelsk og matematikk har laga rapportar som oppsummerer erfaringar frå skriftleg eksamen våren 2015 i Hordaland. Rapportane byggjer på oppmennene sine eigne erfaringar frå sensurarbeidet, samt innspel frå sensorane i dei ulike faga.


08.07.2015

Nav-rådgivarar i vidaregåande skule

Forsøket med Nav-rådgivarar i skulen blir utvida til alle fylke. I Hordaland deltar Nav Årstad og Årstad vidaregåande skole i forsøket. Målet er at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring.