Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Grunnskule og vidaregåande opplæring

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar, mens fylkeskommunen har ansvaret for opplæringa på vidaregåande nivå. Også godkjende private skular kan tilby grunnopplæring.

Statsforvaltaren har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Statsforvaltaren rettleier fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og friskulelova. Statsforvaltaren skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing. 

Klage til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

 

Vis meir


12.09.2018

Bruk av tvang mot elevar med utviklingshemming i skuletida

Det er no avklart at tiltak etter kapittel 9, for elevar med diagnose utviklingshemming, også kan gjennomførast i skuletida.


16.08.2017

Læreplan i norsk for språklege minoritetar med kort butid er fastsett

Læreplanen gjeld frå august 2017 for elevar i vidaregåande opplæring, privatistar og deltakarar i vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne. 


07.07.2017

Nytt til skulestart 2017

Utdanningsdirektoratet har lagt ut oversikt over kva som er nytt i grunnskulen og vidaregåande opplæring til skulestart. Sidene bli oppdaterte etter kvart som det kjem noko nytt.


05.07.2017

Fylkesmannen inviterer til fagdag om standpunktvurdering for vidaregåande skular i fylket

Tema for dagen vil vere regelverket om fastsetting av standpunktkarakterar. Det vil bli innlegg frå både Fylkesmannen og skular i fylket, samt praktisk arbeid i grupper.


05.07.2017

Ny rettleiar om organisering av elevane

Kunnskapsdepartementet har hatt ein rettsleg gjennomgang av reglane i opplæringslova § 8-2 om organisering av elevane i klassar eller basisgrupper


05.07.2017

Fritak frå vurdering med karakter i framandspråk

Elevar kan søkje Fylkesmannen om dispensasjon frå kravet om vurdering med karakter i framandspråk.


21.10.2016

Bli med på NM i skulelunsj

21. november inviterer Helsedirektoratet ungdomsskuleelevane til å konkurrere om å lage den beste lunsjopplevinga i landet.


15.08.2016

Fellessensuren våren 2018

Her er datoane for fellessensuren for våren 2018.


15.08.2016

Datoar for eksamen og sensur i vidaregåande opplæring våren 2017

Utdanningsdirektoratet har fastsett tidsplanen for skriftleg eksamen i vidaregåande opplæring i 2017. Fylkesmannen har sett fredag 16. juni som dato for fellessensur av fag som blir sensurerte i Bergen.


12.08.2016

Datoar for skriftleg eksamen i grunnskulen 2017

Utdanningsdirektoratet har fastsett tidsplanen for skriftleg eksamen i grunnskulen 2017. På bakgrunn av dette har Fylkesmannen sett onsdag 14. juni som dato for fellessensur i Hordaland.