Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Tydeleggjering av meldeplikta til barnevernet

For å få fleire til å melde ifrå til barnevernet når barn og unge kan være utsett for alvorleg omsorgssvikt blir plikta til å melde frå til barnevernet tydeleggjort i ei rekke lover.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.07.2018

For å få fleire til å melde ifrå til barnevernet når barn og unge kan være utsett for alvorleg omsorgssvikt blir plikta til å melde frå til barnevernet tydeleggjort i ei rekke andre lover. Endringa skjer i lov om ekteskap, folketrygd, familievernkontor, grunnskulen og den vidaregåande opplæringa, helsepersonell, introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrarar, barnehagar, kommunale krisesentertilbod, og sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga.