Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Svikt i tilsynet med barnevernsinstitusjon

I våre tilsyn med Vestlund ungdomssenter klarte vi ikkje å avsløre at drifta var uforsvarleg. Det har Helsetilsynet påpeikt i sin tilsynsrapport, og vi seier oss leie for å ikkje ha gjort grundig nok arbeid. Tilbakemeldinga vi fekk i august gjorde at vi straks laga ein handlingsplan for å rette manglane. Fleire av endringane er alt sette i verk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.10.2018

Vi beklagar at vi har svikta barna ved ikkje å oppdage at dei ikkje fekk den omsorga og hjelpa dei skulle hatt. Vi skulle ha snakka med fleire tilsette for å få eit breiare informasjonsgrunnlag, og vi skulle gått grundigare gjennom journalnotata om barna og snakka meir med dei. I ettertid har vi fått vite at dei fekk røyke hasj på institusjonen.

Vi skulle og ha undersøkt grundigare om den ustabile personalsituasjonen og dei varsla personalkonfliktane gjekk ut over barna. Meldingane vi fekk om dette, sende vi vidare til Bufetat utan å undersøkje grundig nok.

Det er institusjonen og Bufetat som har ansvaret for at drifta er forsvarleg. Tilsyna våre var ikkje grundige nok til å fange opp svikten.

I knapt to år valde vi å gå berre på varsla tilsyn. Denne praksisen er no endra. I september har vi vore på umelde tilsyn ved fire institusjonar, slik forskrifta krev.

Vi dokumenterer no systematisk gjennomgang av informasjon om kvar enkelt institusjon. Dette skal vi halde fram med. Det gjer oss betre i stand til å fange opp institusjonar som det er grunn til å undersøke nærmare.

Helsetilsynet les av dokumentasjonen vår at  vi har snakka med få barn. Vi har snakka med ni av 11 barn ved Vestlundveien ungdomssenter ein eller fleire gongar mens dei har budd der. Det er ikkje alltid barn på institusjonar vil snakke med oss, og det er rett at dette ikkje er godt nok dokumentert i tilsynsrapportane våre. Dette er no innskjerpa, og vi kontrollerer at dokumentasjonen for kvart tilsyn er tilstrekkeleg.

For å kvalitetssikre tilsynspraksisen vår med barnevernsinstitusjonane har vi bedt Helsetilsynet om å finne ein kompetent person som kan vere med oss på fem tilsyn i haust.