Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Rett til skulegang for elevar under barnevernet si omsorg

Barn som bur i barnevernsinstitusjon, fosterheim og i beredskapsheim må sikrast skulegang.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.09.2018

Når barn bur i beredskapsheim, fosterheim eller på barnevernsinstitusjon blir den dagelege omsorga utøva av tiltaket dei bur i.

Oppfølging av skole- og opplæringstilbod er ein viktig del av  den daglege omsorga. Desse elevane har rett til grunnskuleopplæring på nærskulen og rett til opplæring på lik linje med alle andre elevar.

For å sikre grunnleggjande rettar for desse elevane,  er det viktig med samarbeid mellom barnevern og skule. Vi viser her til informasjonen i lenkene i høgremenyen.