Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Universell utforming der barn er

Skular og barnehagar bør vere tilgjengelege for alle, men slik er det dessverre ikkje overalt. Høge dørstokkar, trapper og ubrukelege handikaptoalett er vanlege barrierar på landets skular.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.09.2015

Fleirtalet av skulane bryt krava til inngangsparti, heisar og handikaptoalett, ifølgje Norges Handikapforbund.

For eit meir inkluderande samfunn

Det er ein menneskerett å få delta i samfunnet. Universell utforming  eller generell tilrettelegging er ein måte å oppnå dette på. For barn og unge er utforming av barnehage, skule, bustad, leikeområde, offentleg transport og kultur- og fritidstilbod særleg viktig. Funksjonsevne og funksjonshemming handlar om mykje meir enn å bruke rullestol. Det handlar om grader av syn og hørsel, om kognitive evner og lesedugleik, om alder, helse, økonomi og mykje anna. Manglande universell utforming gjer at mange barn med nedsett funksjonsevne må gå på ein annan skule enn den dei høyrer til, eller at dei blir utestengde frå fritids- og kulturaktivitetar.

Krav til samarbeid og samfunnsøkonomisk tenking

Universell utforming er ein strategi som stiller krav til samarbeid og tverrfagleg planlegging, brukarmedverknad, praktisk gjennomføring og evaluering av tiltak. Målet er å gjere kvardagen lettare for alle og hindre at nokon blir ekskludert frå fellesskapen.  Universell utforming er forankra og sikra i fleire lover og forskrifter, mellom anna diskriminerings- og tilgjengelegheitslova og plan- og bygningslova.

God samfunnsøkonomi

Ifølgje SSB  har 15-20 prosent av befolkninga ei form for nedsett funksjonsevne. Det meste er usynleg. Difor er universelle tiltak det mest effektive og minst stigmatiserande. Universell utforming er og god samfunnsøkonomi fordi det gjer folk sjølvhjelpne og fordi det blir mindre behov for særtiltak for einskildpersonar. Dette er særleg viktig for barn og unge, men også for at foreldre skal kunne ta del i kvardagen til barna.

Det er ikkje alltid  universell utforming kostar så mykje pengar, men det krev ein god porsjon omtanke og kunnskap om det menneskelege mangfaldet.

Fylkesmannens rolle

Fylkesmannen skal medverke til at dei nasjonale målsettingane i oppvekst-, familie-, likestillings- og inkluderingspolitikken blir følgde opp lokalt og regionalt og syte for at universell utforming blir brukt strategisk som verkemiddel for betre tilgjenge for menneske med nedsett funksjonsevne, heiter det i embetsoppdraget for 2015.

Dette vil vi prøve å følgje opp i alt vårt arbeid, men særleg i behandlinga av regionale og kommunale planar, i satsinga vår på utsette barn og unge og i arbeidet med busetjing og integrering av flyktningar i kommunane.

Universell utforming er eit uttrykk for ein samfunnsverdi om likestilling, likeverd og auka tilgjenge. Visjonen er at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025.