Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Skal også vurdere barnas behov ved sosialhjelp i jula

Utgifter i samband med julefeiringa kan medføre behov meir sosialstønad, særleg for barnefamilar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.12.2016

Når Nav-kontora vurderer søknader om sosialstønad skal Nav alltid gjere ei konkret og individuell vurdering av søkjaren sitt behov for hjelp. Dette gjeld også for behov i samband med jula. Dersom ein sosialhjelpsmottakar har barn, skal Nav alltid ta omsyn til barnas behov. Nav-kontora må difor undersøkje og vurdere barnas behov i samband med jula, og dette gjeld uavhengig av om barna bur i lag med sosialhjelpsmottakaren eller ikkje.

Det dåverande Arbeidsdepartementet la i 2011 på nett ei eiga påminning om økonomisk stønad i jula. Klikk her for å lese departementet sitt nettoppslag om økonomisk stønad i jula.

Hausten 2013 la Fylkesmannen ei melding på nett om sosialhjelp i jula, der vi presiserte at Nav-kontora ikkje kan avslå ekstra sosialstønad til jul fordi om søkjaren ikkje har mottatt sosialstønad over tid. Dei som er i same økonomiske og sosiale situasjon, har lik rett til ekstra sosialstønad uavhengig av om dei er nye brukarar eller ikkje. Klikk på lenkja under overskrifta "Lenkjer" for å lese nettoppslaget frå 2013.

I sitt rundskriv 35 til sosialtenestelova har Arbeids- og velferdsdirektoratet skrive følgjaende om sosialhjelp og høgtider: "Det er rimelig at mottakere av økonomisk stønad gis anledning til å feire begivenheter som jul, fødselsdager, dåp eller navnedager, konfirmasjon eller andre merkedager knyttet til andre religioner eller kulturer. Det skal tas særlig hensyn til barn og unges behov for samfunnsmessig, religiøs og kulturell tilhørighet."