Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Rapport frå tilsyn med Bufetat Region vest

Hovudføremålet med tilsynet var å undersøke om Bufetat sørgjer for forsvarleg ivaretaking av bistandsplikta i akuttsituasjonar og når barn flyttar på institusjon. Vi har påpeika fire brot på krav i barnevernlovgjevinga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.02.2018

Tilsynet vart gjennomført 22. - 24. august 2017.

Rapporten, som du finn under fana "Dokument", omtalar funn innan dei områda tilsynet var avgrensa til og gir ikkje ei fullstendig framstilling av arbeidet.

Fylkesmannen konkluderer med:

  1. Bufetat Region vest sikrar ikkje eit tilstrekkeleg informasjonsgrunnlag for sine avgjerder, og heller ikkje at det blir gjort forsvarlege vurderingar av om tiltak er eigna for å ivareta barnets behov i si utøving av bistandsplikten når barn skal ha plass i institusjon som planlagt hjelpe- eller omsorgstiltak.  Dette er brot på barnevernlova § 2-3 andre ledd bokstav a, jf. § 1-4 og § 2-3 tredje ledd.
  2. Bufetat Region vest sikrar ikkje alltid barn sin rett til medverknad i si utøving av bistandsplikta når barn skal ha plass i institusjon som planlagt hjelpe- eller omsorgstiltak.   Dette er brot på barnevernlova § 4-1, jf. § 2-3 andre ledd bokstav a og § 2-3 tredje ledd.
  3. NIT sikrar ikkje eit tilstrekkeleg informasjonsgrunnlag for sine avgjerder, og heller ikkje at det vert gjort forsvarlege vurderingar av om tiltak er eigna for å ivareta barnet sitt behov i sitt arbeid med å innstille på tiltak for barn med alvorlige åtferdsvansker. På denne bakgrunn oppfyller ikkie Bufetat Region vest bistandsplikta si i desse sakene. Dette er brot på barnevernlova § 2-3 andre ledd bokstav a, jf. § 1-4 og § 2-3 tredje ledd.
  4. NIT sikrar ikkje barn sin rett til medverknad i sitt arbeid med å innstille på tiltak for barn med alvorlege åtferdsvansker. På denne bakgrunn sikrar ikkje Bufetat Region vest barnet sin rett til medverknad i desse sakene. Dette er brot på barnevernlova § 4-1, jf. § 2-3 andre ledd bokstav a og § 2-3 tredje ledd.

Kontaktpersonar