Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Undersøkingar i barnevernet tar for lang tid

Fleirtalet av barnevernstenestene i Hordaland utvider fristen for undersøkingar i barnevernssaker. Det varierer mellom tenestene om fristen blir utvida i få eller mange av undersøkingssakene.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.11.2016

Barnevernet kan unntaksvis bruke meir tid enn vanleg på undersøkingar i barnevernssaker. Foreldra må då få vite at fristen for å gjere ferdig saka blir forlenga, og korfor det tar meir tid.

Rapporteringa frå første halvår 2016 viser at nokre kommunar utvider fristen i mange av undersøkingane. Rapporteringa viser samstundes at ein del barnevernstenester kjem seint i gong med undersøkingane. Dette kan bidra til at det tar unødig lang tid.

I nokre tilfelle kan det vere mindre inngripande for barnet og foreldra å utvide undersøkinga heller enn å avslutte og starte ny undersøking. 

Må informere foreldra

Barnevernstenesta må informere foreldra skriftleg eller muntleg dersom fristen for undersøkinga blir utvida. Dersom informasjonen blir gitt muntleg, må barnevernstenesta dokumentere dette. Barnevernet skal sende anonymisert kopi av brev eller dokumentasjon som del av rapporteringa til Fylkesmannen.

Når kan barnevernstenesta utvide fristen?

Barnevernlova set ei ytre ramme på tre månader for undersøkingar i barnevernssaker. Undersøkinga skal gjennomførast så snart som mogleg og ikkje vere meir omfattande enn nødvendig.

Dersom saka krev særleg omfattande og tidkrevjande undersøkingar som ikkje lar seg gjennomføre innan tre månader, kan barnevernstenesta unntaksvis forlenge undersøkingstida med inntil tre nye månader. I dei sakene der det er nødvendig å utvide undersøkinga, må barnevernstenesta konkret vurdere kva som manglar for å bli ferdige, og kor mykje meir tid dette vil ta. Kapasitetsproblem i barnevernstenesta gir ikkje grunnlag for å utvide fristen.