Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Medverknad – barnet sitt perspektiv i barnevernsaker

Alle instansar som har oppgåver etter barnevernlova er omfatta av den generelle føresegna om medverknad i barnevernlova § 4-1. Det å sikre barnet si medverknad har hatt stor merksemd dei seinare åra. Vi får likevel stadig inn saker til oss der tenestene ikkje har samarbeidd med barnet og sørga for barnet sitt perspektiv.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.02.2018

Vår erfaring frå tilsyn med statlege og kommunale barnevernstenester er at tilsette i varierande grad har kunnskap om og merksemd på kva medverknad frå barn inneber.

Opplysing av saka

At barnet får medverke sikrar at barnet opplever å få bidra med sine synspunkt. Det viktigaste med medverknad er likevel at informasjon i saka kjem fram. Tenestene må legge til grunn at barnet har informasjon som er vesentleg for saka. I tillegg kan medverknad frå barnet vere avgjerande for at barnet er motivert for å gjennomføre eit barnevernstiltak. Medverknad kan også verke førebyggjande, ved at ein raskare finn fram til gode tiltak som verkar for barnet. 

Kva som er til barnet sitt beste må avgjerast etter at barnet sitt syn er vurdert. FN si Barnekonvensjon artikkel 12 slår fast at barnet sine meiningar skal vektleggast. Dette inneber at barnet har rett til å uttale seg, bli høyrd og at det barnet seier blir tatt omsyn til.

Kirsten Sandberg skriv[1] at «Ved siden av at uttaleretten i seg selv ivaretar barnets menneskeverd, kan barnets uttalelser ha betydelig interesse i opplysningen av en sak. Ivaretakelsen av denne retten vil dermed være viktig for barneperspektivet i dets egentlige forstand, som innebærer at forholdene sees med barnets øyne.»

Rettigheit for barn

Barne- og likestillingsdepartementet[2] har foreslått å presisere at barn har rett til medverknad. Forslaget er til behandling i Stortinget. I proposisjonen skriv departementet at barn i barnevernet framleis ikkje får medverke i ønska grad. Dei skriv vidare at ved å la barnet få uttrykke si meining vil barnet sitt perspektiv komme fram i saka, dette er naudsynt for å finne ut kva som er barnet sitt beste. Medverknad skal styrke posisjonen til barnet, og gi barnet betre rettstryggleik. Saker der barnet har blitt lytta til, gir mest sannsynleg eit resultat som er meir rett for barnet, enn saker der barnet ikkje får sagt si meining. Barnet er den som veit best korleis ho eller han har det, og er difor den viktigaste kjelda til innsikt om barnet sitt beste.


[1] Barnekonvensjonen, 2. utgave

[2] Prop 169 L (2016-2017)

Kontaktpersonar