Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Kva inneber det at barnevernsleiaren må vera tilsett i kommunen?

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet fastslo i brev av 22. september 2017 at barnevernsleiaren skal vera tilsett i kommunen. Direktoratet har i eitt nytt brev av 28. oktober 2017 gjort nærmare greie for kva dette inneber.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.11.2017

Barnevernsleiaren må vera «arbeidstakar» i kommunen

Om barnevernsleiaren skal reknast som tilsett, må han vera «arbeidstakar» i kommunen, jamfør arbeidsmiljølova paragraf 1-8. For å vera arbeidstakar må vanlegvis følgjande føresetnadar vera oppfylt:

  1. barnevernsleiar er underordna kommunens leiing og kontroll
  2. kommunen har eit arbeidsgivaransvar og har risikoen for arbeidsresultatet
  3. kommunen stiller med arbeidsrom og sørgjer for at nødvendige hjelpemiddel er tilgjengelege
  4. barnevernsleiaren stiller sin personlege arbeidskraft til disposisjon og nyttar ikkje medhjelparar for eigen rekning
  5. stillinga i kommunen er barnevernsleiaren sitt hovuderverv
  6. barnevernsleiaren får lønn frå kommunen, har rett til ferie og opptener feriepengar
  7. kommunen betalar vedkommande sine reiseutgifter
  8. barnevernsleiaren har, i kraft av stillinga, tenestepensjon (medlemskap KLP), er yrkesskadeforsikra og har rett til 100 % sjukepengar frå fyrste dag etter opptening
  9. kommunen trekk skatt og betalar inn skatt og arbeidsgivaravgift
  10. tilsettingsforholdet er regulert i ein arbeidsavtale, i arbeidsmiljølova og kommunale tariffavtalar

Lista er ikkje uttømmande, men moment i ei heilskapsvurdering.

Også andre som utøver offentleg myndigheit i barnevernstenesta må vera «arbeidstakar»

Også saksbehandlarar i barnevernstenesta som har ansvar for offentleg myndigheitsutøving, må vera tilsett i kommunen. Offentleg myndigheitsutøving skjer der det offentlege tar avgjerder eller utfører handlingar der dei einsidig bestemmer noko over borgarane.

I barnevernet blir det mellom anna utøvd offentleg myndigheit når dei tilsette gjennomgår meldingar, gjennomfører undersøkingar eller fattar enkeltvedtak. Fylkesmannen har skrive meir om dette i ei anna nettsak.