Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Korleis førebygge konfliktar på barneverninstitusjonar?

Bufdir har utarbeidd faglege råd om førebygging og handtering av konfliktfylte situasjonar på barnevernsinstitusjonar. Fylkesmannen ventar at alle institusjonar innrettar praksisen sin i tråd med desse tilrådingane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.06.2018

Dei faglege råda handlar om korleis tilsette og leiarar ved barnevernsinstitusjonar og omsorgssentra kan førebyggje og handtere konfliktfylte situasjonar og uønskte hendingar. Alle institusjonar vert oppfordra å innrette praksisen sin i tråd med tilrådingane.

Tilrådingane er delt i to grupper:

  • Generelle råd som handlar om å førebyggje og føregripe konfliktfylte situasjonar og uønskte hendingar
  • Situasjonsavhengige råd om korleis tilsette og leiarar bør handtere konfliktfylte situasjonar og uønskte hendingar

Ungdom og tilsette skal kjenne seg trygge når dei oppheld seg i ein barnevernsinstitusjon. Føremålet med tilrådingane er å peike på forbetringspotensiale og å bevisstgjere tilsette og leiarar om forhold ved det miljøterapeutiske arbeidet som fremjar tryggleik og sikkerheit i institusjonen. 

Lenke til tilrådingane: https://www.bufdir.no/barnevern/Fagstotte/Barnevernsinstitusjoner/konfliktfylte_situasjoner/

Kontaktpersonar