Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Ivaretaking av einslege mindreårige flyktningar

IMDi har utarbeidd ei handbok for arbeidet med einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Vi veit at fleire kommunar saknar retningsliner for busetjingsarbeidet, og utdjupar derfor nokre av krava i handboka her.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.01.2018

Kommunen sitt ansvar

Det er opp til kommunen å bestemme korleis ein forankrar omsorgsansvaret og organiserer butilbodet for einslege mindreårige. Kommunen sitt tilbod skal bidra til at barnet får gode oppvekstvilkår, opplever tilhøyrsle og tryggleik, erfarer meistring og ser moglegheiter i livet sitt. Kommunen må mellom anna legge opp til at barnet fullfører utdanning, deltar i samfunnet, har gode relasjonar og god helse. Kommunen må ha særskild merksemd retta mot barnet si psykiske helse, fare for menneskehandel, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Kommunen må også samarbeide med verjen til barnet. Les meir om fordelinga av ansvaret mellom verje og kommune her.

Kommunen har ansvar for å sikre at barna er trygge døgnet rundt og å førebygge uønska hendingar. Dei aller fleste einslege mindreårige har behov for vaksenpersonar rundt seg som kan gje tryggleik, omsorg og rettleiing. Barn som manglar nære vaksne vil vere meir sårbare. Om eit barn bur i eit bufellesskap som ikkje er døgnbemanna eller på hybel, bør barnet til ei kvar tid kunne kontakte ein vaksen dei kjenner.

Val av buform

Eit godt og heilskapleg butilbod må utformast med utgangspunkt i kva barnet treng, jf. barnevernlova paragraf 3-4. Kommunen må vurdere dette ut frå barnet sin identitet, bakgrunn, erfaringar frå flukta og livssituasjon, og barnet si meining må vektleggjast.

Fosterheim blir som regel valt for yngre barn og når barnet, uavhengig av alder, har større omsorgsbehov. Ein «vanleg familie» kan i større grad gi nærleik, tryggleik, kontinuitet og stabilitet.

Bufellesskap blir som regel valt for eldre ungdommar. Dei vaksne vil då vere ein viktig samtalepartnar for ungdomane, skape tryggleik og dempe konfliktar, og følgje opp praktiske gjeremål. Kommunen må sørgje for rettleiing og fagleg oppfølging av dei tilsette. Kommunen kan finne nærare rettleiing i Forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjoner. Dei tilsette har ikkje høve til å nytte tvang utan at det er heimel for det.

Hybel blir nokon gonger valt for dei eldste ungdommane. Nokre kan oppleve det å bu på hybel som einsamt og utfordrande. Dei som har vertsfamilie, støttekontakt og besøksheim, taklar ofte det å bu på hybel best.

Klage og tilsyn

Barneverntenesta sine enkeltvedtak kan klagast på til Fylkesmannen, jf. barnevernlova paragraf 6-5. Fylkesmannen har tilsyn med institusjonar som er godkjend av Bufetat, og kan utføre tilsyn for å undersøkje om kommunen følgjer barnevernlova. Det er kommunen sitt ansvar å ha ordningar for tilsyn med butilbodet når dette ikkje gjeld godkjende institusjonar.