Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Innsats på tvers mot barnefattigdom

– Ingen vel sin eigen barndom. Difor er det ei samfunnsoppgåve og ei offentleg oppgåve å motverke barnefattigdom, seier fylkesmann Lars Sponheim.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.12.2016

Sponheim understrekar at satsinga for å sikre gode levekår for barn må gå inn i kommunens vanlege arbeid.

– Barnefattigdom har samansette og komplekse årsaker. Løysingane må òg vere samansette og gå på tvers av sektorar, seier Sponheim. Han meiner dette set fylkesmannsembetet i ein gunstig posisjon som pådrivar.

– Fylkesmannen er einaste statlege instans som arbeider på tvers av sektorgrenser og fagområde. Vi har valt å løfte barn og unge generelt, og arbeidet mot barnefattigdom spesielt.

Kommunar deler erfaringar

Sponheim ser satsinga som eit høve til å skaffe erfaringar og bringe fram ny kunnskap.

– Dessverre veit vi ikkje nok om korfor barn er fattige og korleis vi kan bringe dei ut av fattigdom. Erfaringane som no blir hausta i fem hordalandskommunar er derfor viktige for at alle kommunar kan ta dette med seg i sitt eige arbeid.

Sponheim viser til fagsamlinga "Når alle har så mykje - om barnefattigdom" 16. mars 2017, der deltakarane i satsinga vil presentere nokre første erfaringar. Alle kommunar i fylket blir inviterte til å delta.

Kontaktpersonar

Satsing mot barnefattigdom

Fylkesmannen i Hordaland satsar på barn og unge. Som del av dette bruker vi skjønnsmidlar for å stø opp om ei femårig satsing mot barnefattigdom i kommunane Askøy, Bergen, Fjell, Kvinnherad og Ullensvang.