Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Inga reell satsing på skulehelsetenesta i Hordaland

Dekningsgraden per 1000 elevar i skulehelsetenesta i hordalandskommunane ligg langt under tilrådde normer. Det viser kartlegginga av personell i helsestasjons- og skulehelsetenesta som Helsedirektoratet gjennomførte i sommar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.12.2016

Sjølv om data må tolkast med varsemd, er det ingen tvil om det er langt att før det er ei reell satsing på helsefremjande og førebyggjande arbeid.

Føremålet med kartlegginga var å skaffe betre oversikt over kor mange årsverk kommunane nyttar i helsestasjons- og skulehelsetenesta. Det er årsverk i svangerskaps- og barselomsorg, helsestasjons- og skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom som er kartlagde. Alle kommunane har svara.

Tilrådd normering i skulehelsetenesta er 3,5 helsesøsterårsverk per 1000 elevar i barneskulen, medan landsgjennomsnittet er 1,75 årsverk. Hordaland har lågast dekning i landet med 1,5 årsverk per 1000 elevar.

Også for ungdomsskulen og vidaregåande skule ligg Hordaland under tilrådd normering når det gjeld helsesøsterårsverk. I alle fylka er det stort gap mellom tilrådd normering og talet på lege- og fysioterapeutårsverk som er rapportert inn. Dette gjeld både barne- og ungdomstrinnet og vidaregåande skule.

Helsetenestene til barn og unge skal styrkast

Frå og med 2014 er ein del av veksten i dei frie inntektene til kommunane grunngitt med styrking av helsestasjons- og skulehelsetenesta. Det er viktig å følgje med på om dette fører til styrking av tenestene. Kartlegginga inngår i arbeidet med å få ei permanent årsverkskartlegging i KOSTRA og informasjon om endringar i dekningsgraden i tenestene.

Samla løyving gjennom rammetilskotet til kommunane i tidsromet 2014-2017 er:

År

Sum

2014

180,0 mill.

2015

455,0 mill.

2016

677,7 mill.

2017

734,4 mill.

For 2014 og 2016 var den samla løyvinga i rammetilskotet det same som i det opphavelege forslaget til statsbudsjett. For 2015 var budsjettforslaget frå regjeringa på 385 millionar, men løyvinga blei auka med 70 millionar som ein del av budsjettavtalen i Stortinget.

Tilskotet er kvart år (2014 – 2017) fordelt mellom kommunane etter kor mange innbyggjarar dei har i alderen 0 – 19 år, med eit minstenivå på kr 100.000,- for kvar kommune. I 2015 var dette minstebeløpet kr 101.000,-. Det er ingen bindingar på bruken av midlane.   

Under "Dokument" finn du oversikt over tilskot til kommunane på dette området, og oversikt frå sommaren 2016 over innrapporterte årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta.

Bindande minstenorm i helsestasjons- og skulehelsetenesta?

I 2010 tilrådde Helsedirektoratet ei norm for bemanning i skulehelsetenesta. Tilrådingane gjaldt helsesyster, lege og fysioterapeut i barne- og ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Skulehelsetenesta har i seinare år fått fleire oppgåver. Den tilrådde normeringa byggjer på eit anna faktagrunnlag enn dei oppgåvene tenesta skal vareta no. Helsedirektoratet fekk i 2016 i oppdrag å greie ut moglege løysingar for og verknader av ei bindande minimumsnorm i skulehelsetenesta. I denne samanhengen er det viktig å få oppdatert kunnskap om dekningsgraden i dagens teneste.

Lenkje til rapporten: Helsestasjons- og skolehelsetjenesten