Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Fancy matpakke, brødskiver eller kioskmat?

Ungdom kan vise kven dei er og kven dei vil vere gjennom kva dei vel å ete på skulen. Om dei vel sunn og variert mat, eller kastar matpakken for ein bolle på kiosken, seier noko om ambisjonar og opprør.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.03.2017

Ungdom har demonstrert lausrivinga frå foreldra på eit utal måtar. Røyking var lenge eit slikt opprør, men i dag er det korkje kult eller spesielt tøft å røyke. Det nye opprøret skjer i matvegen, seier matvetaren Annechen Bugge. Mat har blitt ei eiga uttrykksform, som kan seie noko om kven du er, kven du ønskjer å vere, og kven du meiner at du burde vere. I tillegg er matvanane til ungdom polariserte, og det er her vi finn ytterpunkta i mattrendane. Ungdommen må “finne seg sjølv” på vegen til å bli bevisste forbrukarar.

I samtale med ungdom fekk Bugge vite at det å ete nistepakka som mor har laga, er “ukult”. På den andre sida var dei som gjekk på butikken og kjøpte mat, for eksempel bolle, rekna som “kule”. Ungdommane er klar over kva som er sunne alternativ, men set sitt eige “image” over helsa. Det er viktigare å passe inn i klassemiljøet enn å ete sunt. Ei jente var bekymringa for kva han ho var forelska i, måtte tenkje om matpakken hennar:

“Matpakke, ja! Det er nemlig vanskelig: Man må tenke på hva man skal ha på. Ikke det samme hver eneste dag, da synes han at du er kjedelig. Ikke forskjellig hver eneste dag, da synes han at du er for varierende. Mest sannsynlig ser han jo ikke matpakka mi … Men tenk om han ser den!” 

Som den rake motsetninga til dei som kjøper bolle og burgar til lunsj, finn vi dei som er ekstremt opptatt av helse og mat. Dei vil gjerne vere perfekte, og mange prøver å leve opp til eit slikt ideal. Det er kjent frå Ungdata at særleg jenter kjenner seg pressa til å vere perfekte. Det er mykje som talar for at dette kan vere eitt av elementa som ligg til grunn for at stadig fleire jenter rapporterer om større eller mindre psykiske problem og plager. 

Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) si undersøking om mat, måltid og moral viser at folk er opptekne av kva dei et, og at det det et skal vere sunt. Likevel et nordmenn burgar som aldri før i følgje salstala til McDonalds. Omsetningsveksten tolkar dei som eit eksempel på at det forbrukaren seier om sunnheit og helse i liten grad er noko som han lever ut i praksis.

Praksisstudentar

To studentar frå bachelorstudiet i folkehelsearbeid, Høgskulen på Vestlandet har gjort research til og skrive denne artikkelen som del av praksisperiode hos Fylkesmannen.