Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Einslege mindreårige flyktningar og barnetrygd

Einslege mindreårige flyktningar med opphaldsløyve i landet har rett til barnetrygd. Kven som skal søke og forvalte stønaden til beste for barnet vil variere med kva for butiltak barnet får tildelt ved busetjing i ein kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.02.2017

Fylkesmannen får mange spørsmål frå verjer og kommunar om einslege mindreårige flyktningar og deira rett til barnetrygd. Spørsmåla gjeld barnet sin rett til stønad, kven som kan søkje og kven stønaden skal utbetalast til.

Rett til barnetrygd og utvida barnetrygd

Barn som er fødde i Norge vil automatisk få barnetrygd utan å søke, medan barn som flyttar til landet må søkje om stønaden.

Når barnet får opphaldsløyve slik at det er sannsynleg at barnet skal opphalde seg i Norge i meir enn 12 månader, får barnet rett til barnetrygd. Retten gjeld fram til barnet er 18 år, og gjeld anten barnet bur åleine eller med nokon som har ansvar for forsørginga. Barnetrygda skal i begge høva bidra til å dekke utgifter til forsørginga. Søknad skal fremjast overfor det lokale Nav-kontoret.

Dersom barnet bur åleine eller med ein einsleg omsorgsperson, kan barnet ha rett til utvida barnetrygd. Utvida barnetrygd skal dekke meirutgiftene ved ansvaret for forsørginga aleine. Barn som bur i kommunale bufellesskap blir ikkje rekna som aleinebuande, og har difor ikkje rett til utvida barnetrygd.

Kven skal søkje om og motta stønaden?

Ifølgje barnetrygdlova er det som hovudregel ein omsorgsperson eller barneverninstitusjon som barnet bur fast hos som skal setje fram krav om stønad og få stønaden utbetalt til seg.

Dersom barnet bur åleine, er det verja som skal søkje på vegne av barnet. Stønaden vert då utbetalt til verja.

Desse utgangspunkta har skapt tvil om forståinga av reglane i dei tilfella barnet bur i andre buformer enn barnevernsinstitusjonar, som omsorgssenter, kommunale bufellesskap eller på hybel med oppfølging. Arbeids- og velferdsdirektoratet har kome med følgjande avklaring:

Dersom barnet bur på eit omsorgssenter etter barnevernlova kapittel 5 A, vert dette rekna som ein barnevernsinstitusjon, slik at barnetrygda skal utbetalast til omsorgssenteret.

Dersom barnet bur på mottak i ein periode etter opphaldsløyve, vil mottaket også reknast som ein barnevernsinstitusjon i denne samanhengen, slik at mottaket har rett til å få utbetalt barnetrygda.

Verja kan verta beden om å signere ein transporterklæring som gjev mottaket rett til å få utbetalt stønaden.  

Kommunale bufellesskap vert ikkje rekna som barnevernsinstitusjonar. Utbetalinga skal difor i desse tilfella gå til barnet si verje, som også søkjer på vegne av barnet.

Det same gjeld når barnet bur for seg sjølv på hybel eller liknande.