Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Bruk av einetiltak i barnevernet

Fylkesmannen i Møre og Romsdal var bekymra for barn som bur i einetiltak over lengre tid og heilt til dei er 18 år, og etterlyste meir spesifikke retningslinjer for desse tiltaka.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.01.2018

Barne- , ungdoms- og familiedirektoratet svarar at dei anerkjenner at det kan vere utfordringar knytt til at barn bur i einetiltak, men at det ikkje er ei fagleg anbefaling generelt at barn ikkje bør bu slik. Den kommunale barneverntenesta har eit ansvar for å vurdere om tiltaket er forsvarleg for barnet, både i forkant og fortlaupande mens barnet bur der.

Når eit barn med samansette behov skal flytte til ein annan kommune, skal bustadkommunen informerast i forkant.  Direktoratet vil vurdere å lage føringar for slik informasjonsflyt, ved revidering av retningsliner til barneverntenesta si saksbehandling (Rundskriv 01/2017). Flytting til ein annan kommune og geografiske avstandar må sjåast i samanheng med kravet til forsvarlege tenester, prinsippet barnet sitt beste, barnet si medverknad i eigen sak, det biologiske prinsipp og plikten til å sikre kontinuitet i omsorga.

Direktoratet minner om at alle institusjonar må vere godkjent av statleg regional barnevernmynde (Bufetat), jamfør Barnevernlova paragraf 5-8. Vilkår for alle godkjenningar er at institusjonen vert driven på ein forsvarleg måte og i samsvar med lovverk og forskrifter, slik at barn og unge får forsvarleg omsorg og behandling. Den kommunale barneverntenesta har eit ansvar for å vurdere om plasseringa av barnet er forsvarleg, både i forkant av og fortlaupande etter plasseringa.