Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Barn får styrka pasientrettar med ny lovendring

Frå 1. januar 2018 er barns pasientrettar betra på fleire punkt. Barn har fått ein utvida rett til medverknad og medråderett. Vidare har helsepersonell fått ei uttrykkeleg plikt til å ta hand om barn som har søsken med alvorlege helseproblem. I tillegg er det lovfesta at berre ein forelder treng samtykka til vaksinasjon som er ein del av barnevaksinasjonsprogrammet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.01.2018

Barn skal snakkast med og få informasjon om helsehjelpa

I tråd med samfunns- og rettsutviklinga elles, er det no bestemt at barn skal ha større innverknad på dei avgjerdene som blir tatt om helsehjelpa dei får. Barn hadde også tidlegare ein rett til å få informasjon og medverka, men det er no presisert at alle barn som er i stand til å gjera seg opp ei meining skal få uttrykka denne, og at barnets meining skal tas med i vurderinga av kva helsehjelp som skal gis. Det er dessutan tatt inn i lova at det skal leggjast stor vekt på det barn over 12 år meiner, sjå pasient- og brukarrettslova paragraf 4-4 femte ledd.

Barn har også fått betre rettstryggleik og større råderett over eigen sak ved at helsepersonell ikkje skal gi informasjon til foreldra eller andre som har foreldreansvaret når tungtvegande omsyn til barnet taler mot å gi ut informasjon. Unntaket gjeld uavhengig av barns alder, sjå pasient- og brukarrettslova paragraf 3-4 tredje ledd.

Helsepersonell skal ta hand om pasientens mindreårige søsken

I dag har helsepersonell plikt til å ta hand om mindreårige barn der foreldra er alvorleg sjuke. Denne plikta er no utvida til også å omfatta tilfelle der det er søsken som er sjuke. Plikta gjeld også der foreldre eller søsken fell frå som følgje av sjukdom, sjå helsepersonellova paragraf 10 a og 10 b. 

Nok at ein forelder samtykker til vaksinering

Etter lovendringa går det klart fram at berre ein forelder treng samtykka til vaksinasjonen som er ein del av barnevaksinasjonsprogrammet, sjå pasient- og brukarrettslova paragraf 4-4 andre ledd. På denne måten skal barn lettare sikrast nødvendig helsehjelp.