Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Barn og unge

Fylkesmannen i Hordaland har omsynet til barn og unge med oss i arbeidet med tilskot, tilsyn, klagebehandling og plan. Som del av dette har vi invitert kommunar til ei femårig satsing som skal styrke vilkåra for barn og unge i familiar med låg inntekt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.05.2014

På denne sida viser vi døme på kva omsynet til barn og unge tyder i praksis på områda vi arbeider med. Vi informerer òg om framdrifta i den femårige satsinga.

Abonner på nettsidene våre om du vil ha varsel når vi legg ut saker.


Publisert 03.11.2016

Vil at barnevernlova framleis skal gjelde alle barn under 15

Fylkesmannen er kritiske til forslaget om å flytte tilbodet om omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar ut av barnevernlova, til ei eiga lov (omsorgssenterlova).


Publisert 03.11.2016

Hepatitt B-vaksine inn i barnevaksinasjonsprogrammet

Vaksine mot hepatitt B er no del av barnevaksinasjonsprogrammet. Tilbodet startar februar 2017 og gjeld alle barn fødde frå og med 1. november 2016.


Publisert 01.11.2016

56 millionar kroner til styrking av barnevernet

Den statlege styrkinga av stillingar i det kommunale barnevernet starta i 2013, og no i 2016 finansierer tilskotet rundt rekna 88 stillingar i Hordaland.


Publisert 21.10.2016

Bli med på NM i skulelunsj

21. november inviterer Helsedirektoratet ungdomsskuleelevane til å konkurrere om å lage den beste lunsjopplevinga i landet.


Publisert 23.09.2016

Meld frå om behov for verje til einslege mindreårige flyktningar!

Verja har viktige oppgåver i samband med busetjing. Fylkesmannen ber difor kommunar i Hordaland som skal busetja einslege mindreårige flyktningar om å melda frå til oss så snart barnet flyttar til kommunen, slik at vi kan oppnemna verje for barnet.


Publisert 20.09.2016

Ida fekk ikkje forsvarleg hjelp

Fylkesmannens tilsynsrapport viser at Ida ikkje fekk forsvarleg omsorg og hjelp då ho var under omsorg frå barnevernet. Tiltaka var ikkje tilpassa behova hennar.


Publisert 07.09.2016

Tilskot til vidareutvikling og kvalitetsforbetring av sosiale tenester

Fylkesmannen inviterer kommunane til å søkje om tilskot til vidareutvikling og kvalitetsforbetring av sosiale tenester, inkludert tiltak for å styrkje samarbeid med andre kommunale tenester. Vi vil prioritere tiltak som gjeld utsette barn og unge. Søknadsfristen er 1. oktober.


Publisert 05.09.2016

Forslag til endringar i opplæringslova for nyankomne barn

Kunnskapsdepartementet foreslår to endringar i opplæringslova som gjeld nyankomne barn sine rettar til opplæring og kommunane sine pliktar. 


Publisert 07.06.2016

Kurs i samtalar med barn

Fylkesmannen og RVTS inviterer hausten 2016 til kurs i samtalar med barn.


Publisert 07.06.2016

Gjeldsstifting ved stønad til bil frå NAV

Dersom du er verje for ein person som ikkje kan nytte offentleg transport på grunn av sjukdom, skade eller lyte, kan vedkomande ha rett til stønad til bil frå NAV.


Kontaktpersonar på avdelingane

Utdanningsavdelinga

Hanne Melander
Tlf. 55 57 22 65

Helse- og sosialavdelinga

Gudrun Skjærveland
Tlf. 55 57 21 29

Kommunal- og samfunnsplanavdelinga

Laila Pedersen Kaland
Tlf. 55 57 23 73 

Administrasjons- og verjemålavdelinga

Anne Siri Nytveit
Tlf. 55 57 20 28

Landbruksavdelinga

Åse Vaag
Tlf. 55 57 21 88

Miljøvern- og klimaavdelinga

Kjell Kvingedal
Tlf. 55 57 23 12