Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Barn og unge

Fylkesmannen i Hordaland har omsynet til barn og unge med oss i arbeidet med tilskot, tilsyn, klagebehandling og plan. Som del av dette har vi invitert kommunar til ei femårig satsing som skal styrke vilkåra for barn og unge i familiar med låg inntekt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.05.2014

På denne sida viser vi døme på kva omsynet til barn og unge tyder i praksis på områda vi arbeider med. Vi informerer òg om framdrifta i den femårige satsinga.

Abonner på nettsidene våre om du vil ha varsel når vi legg ut saker.


Publisert 01.02.2017

Medverknad viktig tema i landsomfattande tilsyn på barnevernsområdet

Tema for det landsomfattande tilsynet på barnevernsområdet i 2017 er Bufetats bistandsplikt når barn treng akuttiltak og opphald i barnevernsinstitusjonar.


Publisert 01.02.2017

Høyringsuttale om ny rammeplan for barnehagar

Fylkesmannen i Hordaland har gitt uttale til framlegget frå Kunnskapsdepartementet til ny rammeplan for innhald og oppgåver i barnehagane. 


Publisert 01.02.2017

Tilskot til opplæring av barn og unge som søkjer opphald i Noreg

Tilskotet skal bidra med finansiering og stimulere kommunane og fylkeskommunen til å gje grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg. Tilskotsordninga omfattar òg barn og unge i akuttmottak.


Publisert 31.01.2017

Barnevernslova må ha barnet som hovudperson

Fylkesmannen har uttalt seg om forslag til ny barnevernslov. Vi meiner at barnet får ein større plass og betre rettstryggleik med forslaget, men det kan bli enda betre.


Publisert 30.01.2017

Kva er barna opptatte av?

Fylkesmannen var på 99 tilsynsbesøk til ulike barnevernsinstitusjonar i Hordaland i 2016. Barna fekk tilbod om å snakke med oss om sin kvardag og korleis dei har det.


Publisert 30.01.2017

Mindreåriges adgang til å drive næringsverksemd

Fylkesmannen kan etter søknad frå verje samtykkje til at ein mindreårig, som er fylt 15 år, kan drive ei bestemt næringsverksemd. Det er ein føresetnad at verksemda vert driven som eit enkeltpersonsføretak.


Publisert 26.01.2017

Barna vert rekna med i familien når Nav vurderer sosialstønad, og det er svært sjeldan Nav gir slik stønad direkte til barn

Føresetnaden er at Nav skal ivareta behova til alle i familien når dei gir sosialstønad. Det er ikkje noko forbod i sosialtenestelova mot å gi sosialstønad til personar som ikkje har nådd myndigheitsalder. I praksis er det likevel berre unntaksvis at Nav gir slik stønad direkte til personar under 18 år.


Publisert 26.01.2017

Alle barn i barnevernsinstitusjon skal få tilbod om samtale

97 prosent av barn i barnevernsinstitusjonar og 100 prosent av barn på omsorgssenter i Hordaland fekk tilbod om samtale med Fylkesmannen då vi var på tilsynsbesøk i 2016.


Publisert 18.01.2017

Når alle har så mykje - om barnefattigdom

Vi inviterer alle hordalandskommunane til samling for å drøfte erfaringar med og tiltak for å hindre barnefattigdom og tiltak for å dempe dei negative følgjene av å vekse opp i låginntektsfamiliar.


Publisert 11.01.2017

Nye retningslinjer for samarbeid mellom barnevernstenesta og Nav-kontoret

Formålet med retningslinjene er å betre koordinering og samordning av tenester til barn, unge og familiar som treng hjelp frå begge tenester.


Kontaktpersonar på avdelingane

Utdanningsavdelinga

Hanne Melander
Tlf. 55 57 22 65

Helse- og sosialavdelinga

Gudrun Skjærveland
Tlf. 55 57 21 29

Kommunal- og samfunnsplanavdelinga

Laila Pedersen Kaland
Tlf. 55 57 23 73 

Administrasjons- og verjemålavdelinga

Anne Siri Nytveit
Tlf. 55 57 20 28

Landbruksavdelinga

Åse Vaag
Tlf. 55 57 21 88

Miljøvern- og klimaavdelinga

Kjell Kvingedal
Tlf. 55 57 23 12