Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Barn og unge

Fylkesmannen i Hordaland har omsynet til barn og unge med oss i arbeidet med tilskot, tilsyn, klagebehandling og plan. Som del av dette har vi invitert kommunar til ei femårig satsing som skal styrke vilkåra for barn og unge i familiar med låg inntekt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.05.2014

På denne sida viser vi døme på kva omsynet til barn og unge tyder i praksis på områda vi arbeider med. Vi informerer òg om framdrifta i den femårige satsinga.

Abonner på nettsidene våre om du vil ha varsel når vi legg ut saker.


Publisert 17.03.2017

Fancy matpakke, brødskiver eller kioskmat?

Ungdom kan vise kven dei er og kven dei vil vere gjennom kva dei vel å ete på skulen. Om dei vel sunn og variert mat, eller kastar matpakken for ein bolle på kiosken, seier noko om ambisjonar og opprør.  


Publisert 27.02.2017

Søknad om familiesameining for einslege mindreårige flyktningar - verja og kommunen si rolle

Einslege mindreårige flyktningar tar ofte opp familiesameining (familiegjenforening) når vi er på tilsyn i institusjonar, og spør om kven som kan hjelpe den mindreårige når familien vil søke om familiesameining. Både verje og miljøpersonale skal hjelpe, men har ulike oppgåver.


Publisert 23.02.2017

Folkehelseprofilar for kommunar og bydelar – nytt i 2017

Folkehelseprofilane til kommunane har fått fire nye indikatorar i år. Tema er antibiotikaresistens og førebygging av infeksjonar. Profilen til fylka kjem i mars.


Publisert 21.02.2017

Fylkesmannens satsing på barn og unge

Barns medverknad og rett til å bli høyrde er viktig for oss på alle område.


Publisert 20.02.2017

Samling for kommunane om nytt regelverk om skulemiljø

I løpet av februar blir forslag til nytt regelverk om skulemiljø presentert. 


Publisert 17.02.2017

Gratisprinsippet og friskular

Friskular kan ikkje krevje at elevar eller foreldre betaler for aktivitetar eller utstyr på skulen utover skulepengane.  


Publisert 03.02.2017

Einslege mindreårige flyktningar og barnetrygd

Einslege mindreårige flyktningar med opphaldsløyve i landet har rett til barnetrygd. Kven som skal søke og forvalte stønaden til beste for barnet vil variere med kva for butiltak barnet får tildelt ved busetjing i ein kommune.


Publisert 03.02.2017

Samling med tema einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar

Fylkesmannen inviterer til ei samling der hovudtema er utdanning og psykisk helse for einslege mindreårige som har fått avgrensa opphald i Noreg.


Publisert 02.02.2017

Bruk av politi i barnevernsinstitusjon

Kontakt med politi kan bli opplevd som skremmande og inngripande, særleg om det vert nytta tvang. Barn me snakkar med fortel også dette.


Publisert 02.02.2017

Gode og målretta undersøkingar er viktige for at barn skal få rett hjelp

I Hordaland avslutta barnevernet 3978 undersøkingar i 2015. I 57 prosent av sakene blei det ikkje sett i verk tiltak frå barnevernstenesta. Dette er på linje med landsgjennomsnittet.


Kontaktpersonar på avdelingane

Utdanningsavdelinga

Hanne Melander
Tlf. 55 57 22 65

Helse- og sosialavdelinga

Gudrun Skjærveland
Tlf. 55 57 21 29

Kommunal- og samfunnsplanavdelinga

Laila Pedersen Kaland
Tlf. 55 57 23 73 

Administrasjons- og verjemålavdelinga

Anne Siri Nytveit
Tlf. 55 57 20 28

Landbruksavdelinga

Åse Vaag
Tlf. 55 57 21 88

Miljøvern- og klimaavdelinga

Kjell Kvingedal
Tlf. 55 57 23 12