Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Barn og unge

Fylkesmannen i Hordaland har omsynet til barn og unge med oss i arbeidet med tilskot, tilsyn, klagebehandling og plan. Som del av dette har vi invitert kommunar til ei femårig satsing som skal styrke vilkåra for barn og unge i familiar med låg inntekt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.05.2014

På denne sida viser vi døme på kva omsynet til barn og unge tyder i praksis på områda vi arbeider med. Vi informerer òg om framdrifta i den femårige satsinga.

Abonner på nettsidene våre om du vil ha varsel når vi legg ut saker.


Publisert 02.06.2017

Ein stor del av barna i Hordaland er vaksinerte mot meslingar

Tal frå barnevaksinasjonsprogrammet viser at 92,8 prosent av 16-åringane i Hordaland er vaksinerte mot meslingar, kusma og raude hundar (MMR-vaksinen). Målet er at minst 95 prosent skal vere vaksinerte for å hindre utbrot av sjukdom.


Publisert 30.05.2017

Ein del undersøkingar i barnevernssaker går over tida

Barnevernstenestene i Hordaland braut tremånadersfristen i 78 av undersøkingane i 1. kvartal 2017. Dette er færre enn i 1. kvartal 2016, då 97 undersøkingar gjekk over denne fristen.


Publisert 03.05.2017

Færre kommunar held barnetrygda utanom når dei bereknar sosialstønad

Ved utgangen av 2016 melde elleve kommunar i Hordaland at Nav-kontora deira held barnetrygda utanom når dei vurderer om barnefamiliar har behov for sosialstønad og ved utmåling av stønad. Dette er tre færre enn året før.


Publisert 02.05.2017

Barns rett til å få medverke

«Eg blir informert, men ikkje høyrt på», seier mange av barna vi snakkar med på tilsyn.


Publisert 19.04.2017

Forskrift om krav til fysisk sikring av krisesenterlokale

Lokalet skal vere trygt for både barn og vaksne. Den nye forskrifta konkretiserer krava til fysisk sikring, set minstestandard for sikkerheitstiltaka og krev at dei tilsette lagar individuelle risikovurderingar.


Publisert 05.04.2017

Kva for tilsynsansvar har kommunen ved busetting av einslege mindreårige?

Kommunar som buset einslege mindreårige flyktningar skal vurdere behova til kvar enkelt og tilby eigna butiltak ut frå dette. Kommunen skal etablere ordningar for tilsyn og internkontroll.


Publisert 28.03.2017

Barnevernstenesta kan bruke SMS og e-post i enkeltsaker, men med varsemd

Barnevernstenesta har ansvar for å passe på personvernet når dei nyttar SMS og e-post i kontakt med barn og foreldre.


Publisert 28.03.2017

Barnevernsinstitusjonar kan lage reglar for bruk av mobil og pc

Tilgang til internett og elektroniske kommunikasjonsmiddel er ein del av institusjonstilbodet og skal vera tilpassa barnas behov. Institusjonen kan likevel fastsetja reglar for bruken «av omsyn til institusjonens ansvar for drifta, og ansvar for tryggleik og trivsel».


Publisert 28.03.2017

Barnevernsinstitusjonar kan ikkje slette innhald på mobilen til barna

Verken barnevernslova eller rettigheitsforskrifta lar barnevernsinstitusjonar slette innhald frå telefonen til barn og unge som bur der.


Publisert 23.03.2017

Kommunen si plikt til tilrettelegging i barnehagen for barn med nedsett funksjonsevne

Frå 1. august 2106 skal kommunane etter barnehagelova § 19 g sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Kommunen skal fatte vedtak om tilrettelegginga. Fylkesmannen er klageinstans for desse vedtaka, og så langt har Fylkesmannen behandla elleve slike klagesaker. Desse sakene er alle ulike, men vil her omtale nokre manglar som mange av dei påklaga vedtaka har til felles. 


Kontaktpersonar på avdelingane

Utdanningsavdelinga

Hanne Melander
Tlf. 55 57 22 65

Helse- og sosialavdelinga

Gudrun Skjærveland
Tlf. 55 57 21 29

Kommunal- og samfunnsplanavdelinga

Laila Pedersen Kaland
Tlf. 55 57 23 73 

Administrasjons- og verjemålavdelinga

Anne Siri Nytveit
Tlf. 55 57 20 28

Landbruksavdelinga

Åse Vaag
Tlf. 55 57 21 88

Miljøvern- og klimaavdelinga

Kjell Kvingedal
Tlf. 55 57 23 12