Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Barn og unge

Fylkesmannen i Hordaland har omsynet til barn og unge med oss i arbeidet med tilskot, tilsyn, klagebehandling og plan. Som del av dette har vi invitert kommunar til ei femårig satsing som skal styrke vilkåra for barn og unge i familiar med låg inntekt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.05.2014

På denne sida viser vi døme på kva omsynet til barn og unge tyder i praksis på områda vi arbeider med. Vi informerer òg om framdrifta i den femårige satsinga.

Abonner på nettsidene våre om du vil ha varsel når vi legg ut saker.


Publisert 27.11.2017

Barnevernstensta kan berre i avgrensa grad nytta private aktørar

Det har tidlegare vore noko uklart kva oppgåver etter barnevernslova kommunen kan la private aktørar gjennomføra på deira vegne. I Barne- og likestillingsdepartementets brev av 20 oktober 2017 til Fylkesmannen i Nordland, blir dette klargjort.


Publisert 21.11.2017

Fylkesmannen ber om innspel til oppfølging av strategien for seksuell helse i Hordaland

På konferansen om seksuell helse diskuterte deltakarane kjærleikens vilkår i samfunnet og behovet for å kvitte seg med diskriminerande gruppetenking. Kva meiner du?


Publisert 22.09.2017

Barn og unge som ikkje møter på skulen

Kvart år opplever kommunar at barn og ungdom ikkje møter på skolen utan at årsaka til fråvære er kjent.


Publisert 21.09.2017

Snakk om det! Om skam, identitet og mangfald - velkomne til konferanse 13. november 2017

Fylkesmannen i Hordaland inviterer lærarar, helsepersonell, frivillige, barnevernarbeidarar, kulturarbeidarar og alle andre interesserte til konferanse i Bergen  om korleis vi kan betre kunnskapen og kommunikasjonen om seksuell helse.


Publisert 12.07.2017

Omsyn til barnets beste ved innsyn i pasientjournal

Stadig fleire sjukehus og andre helseverksemder tilbyr pasienter elektroniske tenester for innsyn i pasientjournalen. Helsedirektoratet og Direktoratet for e-helse har gitt retningsliner for slikt innsyn.


Publisert 12.07.2017

"Det skal nytte å seie frå." - Ny handhevingsordning for elevane sitt skulemiljø

Frå 1. august 2017 får Fylkesmannen ei ny rolle i behandlinga av saker om skulemiljøet til elevane. Vi vurderer om skulen har oppfylt den lovpålagte aktivitetsplikta si i elevsaker, og vi kan vedta tiltak som skulen må setje i verk.


Publisert 30.06.2017

Ekspertgruppe for barn og unge med behov for særskilt tilrettelegging

Ekspertgruppa er sett saman av fagpersonar og forskarar innan barnehage og skule i Danmark, Sverige og Norge. Arbeidet blir leia av professor Thomas Nordahl frå Høgskolen i Innlandet.


Publisert 28.06.2017

Tilskot til styrking av helsestasjons- og skulehelsetenesta i 2017

Elleve av kommunane i fylket har fått tilskot frå Helsedirektoratet til å styrke helsestasjons- og skulehelsetenesta. Tre av dei har også fått midlar frå tilskotsordninga til å styrke skulehelsetenesta i vidaregåande skule.


Publisert 27.06.2017

Tilråding om praktisk inneklimaarbeid i barnehagar og skular

Alle barn har rett til eit godt inneklima i barnehagen og på skulen. Helsedirektoratet har laga tilrådinga for å bidra til dette.


Publisert 16.06.2017

Kva ansvar har kommunar for familiar med pålagte hjelpetiltak frå barnevernet?

Når ein familie med pålagte hjelpetiltak frå barneverntenesta flytter til ein anna kommune er fråflyttingskommunen ikkje ansvarleg for oppfølging. Barneverntenesta må likevel ta kontakt med barneverntenesta i kommunen familien flytter til.


Kontaktpersonar på avdelingane

Utdanningsavdelinga

Hanne Melander
Tlf. 55 57 22 65

Helse- og sosialavdelinga

Gudrun Skjærveland
Tlf. 55 57 21 29

Kommunal- og samfunnsplanavdelinga

Laila Pedersen Kaland
Tlf. 55 57 23 73 

Administrasjons- og verjemålavdelinga

Anne Siri Nytveit
Tlf. 55 57 20 28

Landbruksavdelinga

Åse Vaag
Tlf. 55 57 21 88

Miljøvern- og klimaavdelinga

Kjell Kvingedal
Tlf. 55 57 23 12