Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Barn og unge

Fylkesmannen i Hordaland har omsynet til barn og unge med oss i arbeidet med tilskot, tilsyn, klagebehandling og plan. Som del av dette har vi invitert kommunar til ei femårig satsing som skal styrke vilkåra for barn og unge i familiar med låg inntekt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.05.2014

På denne sida viser vi døme på kva omsynet til barn og unge tyder i praksis på områda vi arbeider med. Vi informerer òg om framdrifta i den femårige satsinga.

Abonner på nettsidene våre om du vil ha varsel når vi legg ut saker.


Publisert 07.12.2015

Stort engasjement for einslege mindreårige asylsøkjarar

Fylkesmannen arrangerte tidlegare i haust eit kurs for representantar for einslege mindreårige i Hordaland. I alt 51 personar deltok, to tredelar var nye.


Publisert 26.11.2015

Foreldrestøttande tiltak i fosterheim

Fosterforeldre kan ikkje motsetje seg at barnevernstenesta set inn omfattande foreldrestøttande tiltak, såkalla Multisystemisk terapi (MST), som skal redusere alvorlege åtferdsvanskar hjå fosterbarnet.


Publisert 25.11.2015

Barnevernet må tryggje barn dei har under omsorg

Når barn under omsorg av barnevernet prostituerer seg og utset seg for overgrep, har barnevernet plikt til å hindre dette.


Publisert 02.11.2015

Kommunane og fylkeskommunane sitt ansvar for barn og unge som søkjer asyl

Mange kommunar er, eller vil bli, vertskommune for asylmottak og omsorgssentre for mindreårige. Kommunane har ansvar for oppvekstsvillkåra og velferda til alle som oppheld seg i kommunen, også mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.


Publisert 16.09.2015

Opplæring om personleg økonomi i ungdomsskulen

Mange unge har liten kunnskap om personleg økonomi. Forbrukarrådet har lansert eit nytt læreverkty på feltet for elevar i tiande klasse.


Publisert 08.09.2015

Fylkesmannen vil føre tilsyn med praksis for fristutviding i barnevernet

Barnevernstenestene bruker i mange saker for lang tid på å gjennomføre undersøkingar. I kravet til forsvarlege tenester ligg at barnevernet må sørgje for at barnet får naudsynt hjelp til rett tid.


Publisert 03.09.2015

Universell utforming der barn er

Skular og barnehagar bør vere tilgjengelege for alle, men slik er det dessverre ikkje overalt. Høge dørstokkar, trapper og ubrukelege handikaptoalett er vanlege barrierar på landets skular.


Publisert 01.09.2015

Ny undersøking av kosthaldet til barn og unge startar hausten 2015

Ungkost er ei landsdekkjande kosthaldsundersøking blant fireåringar og elevar i fjerde og åttande klasse. Undersøkinga skal gjennomførast i løpet av dette skuleåret.


Publisert 28.08.2015

Ikkje automatisk utvida frist når barnevernet brukar sakkunnig i undersøkingar

Fylkesmannen i Hordaland ser at fleire barnevernstenester i fylket går over tremånadarsfristen når dei brukar sakkunnig i undersøkingar. Å bruke sakkunnig gir ikkje automatisk høve til å utvide fristen.


Publisert 26.08.2015

Når alle elevar trivst og er trygge – kva har du då gjort?

Dette var tittelen på dagsamlinga med Erlend Moen om eit godt psykososialt miljø som Fylkesmannen arrangerte 13. oktober. Vi har nå lagt ut lysark frå samlinga.


Kontaktpersonar på avdelingane

Utdanningsavdelinga

Hanne Melander
Tlf. 55 57 22 65

Helse- og sosialavdelinga

Gudrun Skjærveland
Tlf. 55 57 21 29

Kommunal- og samfunnsplanavdelinga

Laila Pedersen Kaland
Tlf. 55 57 23 73 

Administrasjons- og verjemålavdelinga

Anne Siri Nytveit
Tlf. 55 57 20 28

Landbruksavdelinga

Åse Vaag
Tlf. 55 57 21 88

Miljøvern- og klimaavdelinga

Kjell Kvingedal
Tlf. 55 57 23 12