Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Barn og unge

Fylkesmannen i Hordaland har omsynet til barn og unge med oss i arbeidet med tilskot, tilsyn, klagebehandling og plan. Som del av dette har vi invitert kommunar til ei femårig satsing som skal styrke vilkåra for barn og unge i familiar med låg inntekt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.05.2014

På denne sida viser vi døme på kva omsynet til barn og unge tyder i praksis på områda vi arbeider med. Vi informerer òg om framdrifta i den femårige satsinga.

Abonner på nettsidene våre om du vil ha varsel når vi legg ut saker.


Publisert 03.02.2016

Klagerett for barn i barnevernet

Dersom du vil ha kontakt med fylkesmannen, ring telefon 55 57 20 50 og be om å få snakke med ein som jobbar med barnevern. Du kan òg ta direkte kontakt med ein av oss. Du kan òg møte opp på Statens hus i Kaigaten 9, rett bak Bystasjonen i Bergen.


Publisert 02.02.2016

Retten til gratis skule

Dei to siste åra har Fylkesmannen gjennomført fleire tilsyn om retten til gratis opplæring. Tilsyna viser at fleire kommunar ikkje ivaretar denne retten fullt ut. Framleis får Fylkesmannen meldingar frå foreldre og frå skular med spørsmål om kva som er rett praksis, og med døme på at elevar framleis må betale for aktivitetar. Fylkesmannen har difor funne det naudsynt å føre tilsyn på området også i 2016.


Publisert 25.01.2016

Gratis kjernetid i barnehagen

Den 1. august 2015 blei det innført gratis kjernetid i barnehagar for fire- og femåringar frå familiar med låg inntekt. Her viser vi kven som har rett til dette, og kva utrekningar som ligg til grunn.


Publisert 21.01.2016

Samhandling mellom barnevernstenesta og politiet om tilrettelagde avhøyr

Politiet skal gjere tilrettelagde avhøyr av barn og andre særleg sårbare. Riksadvokaten har laga retningslinjer for slike avhøyr og samhandling med barnevernstenesta.


Publisert 19.01.2016

Opplæring i samtale med barn

Her finn du informasjon frå opplæringsdagar i samtale med barn om vald og seksuelle overgrep.


Publisert 15.01.2016

Informasjon om barnevernet på andre språk

Fleire offentlege nettstader har informasjon og brosjyrar om barnevernet på andre språk enn norsk. 


Publisert 04.01.2016

Kommuneleiinga treng betre kontroll med fristutvidingar i barnevernet

Etter rapporteringa frå barnevernstenestene første halvår 2015 bad vi kommunane Askøy, Bergen og Fjell om å vurdere eigen praksis når det gjaldt utviding av frist for undersøkingar.


Publisert 11.12.2015

Permisjon frå skulen

Alle born i grunnskulealder har opplæringsplikt. Det er likevel mogleg å søkje om permisjon frå den pliktige opplæringa. Føresegner om dette finst i opplæringslova § 2–11.


Publisert 08.12.2015

Kunnskapsoversikt om samtalar med barn

Ein ny kunnskapsoversikt kan gi hjelp til å velje metode for samtalar med barn.


Publisert 07.12.2015

Vil ikkje endre kvalitetsforskrifta for barnevernet

Fylkesmennene i Hordaland og Rogaland ser at det kan vere nødvendig å gjere unntak frå krava i ekstraordinære situasjonar. Vi er likevel kritiske til å endre forskrifta slik departementet foreslår.


Kontaktpersonar på avdelingane

Utdanningsavdelinga

Hanne Melander
Tlf. 55 57 22 65

Helse- og sosialavdelinga

Gudrun Skjærveland
Tlf. 55 57 21 29

Kommunal- og samfunnsplanavdelinga

Laila Pedersen Kaland
Tlf. 55 57 23 73 

Administrasjons- og verjemålavdelinga

Anne Siri Nytveit
Tlf. 55 57 20 28

Landbruksavdelinga

Åse Vaag
Tlf. 55 57 21 88

Miljøvern- og klimaavdelinga

Kjell Kvingedal
Tlf. 55 57 23 12