Barn og unge
Fylkesmannen i Hordaland har omsynet til barn og unge med oss i arbeidet med tilskot, tilsyn, klagebehandling og plan. Som del av dette har vi invitert kommunar til ei femårig satsing som skal styrke vilkåra for barn og unge i familiar med låg inntekt.
Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.
På denne sida viser vi døme på kva omsynet til barn og unge tyder i praksis på områda vi arbeider med. Vi informerer òg om framdrifta i den femårige satsinga.
Abonner på nettsidene våre om du vil ha varsel når vi legg ut saker.
61 ½ millionar kroner til stillingar i barnevernet
Den statlege styrkinga av stillingar i det kommunale barnevernet starta i 2013, og no i 2018 finansierer tilskotsordninga i alt 88,9 stillingar i Hordaland.
01.10.2018
Svikt i tilsynet med barnevernsinstitusjon
I våre tilsyn med Vestlund ungdomssenter klarte vi ikkje å avsløre at drifta var uforsvarleg. Det har Helsetilsynet påpeikt i sin tilsynsrapport, og vi seier oss leie for å ikkje ha gjort grundig nok arbeid. Tilbakemeldinga vi fekk i august gjorde at vi straks laga ein handlingsplan for å rette manglane. Fleire av endringane er alt sette i verk.
21.09.2018
Rett til skulegang for elevar under barnevernet si omsorg
Barn som bur i barnevernsinstitusjon, fosterheim og i beredskapsheim må sikrast skulegang.
18.09.2018
Med mål om likeverdig tilbod – pakkeforløp for psykisk helse og rus
Pakkeforløp er standardiserte pasientforløp. Helsedirektoratet har no lansert tre pakkeforløp innan rus og psykiatri. Målet med pakkeforløpa er å sørge for at pasientane får behandlingsforløp med betre samhandling, klare ansvarsforhold og gode overgangar mellom ulike tenester.
12.09.2018
Bruk av tvang mot elevar med utviklingshemming i skuletida
Det er no avklart at tiltak etter kapittel 9, for elevar med diagnose utviklingshemming, også kan gjennomførast i skuletida.
17.07.2018
Tydeleggjering av meldeplikta til barnevernet
For å få fleire til å melde ifrå til barnevernet når barn og unge kan være utsett for alvorleg omsorgssvikt blir plikta til å melde frå til barnevernet tydeleggjort i ei rekke lover.
17.07.2018
Endringar i barnevernslova frå 1. juli 2018
Barnevernslova er endra for å betre rettstryggleiken til barn og foreldre. Lova gir barn rett på tenester, styrka medverknad og kjærleik kjem inn i lovteksten.
17.07.2018
Bufetat si bistandsplikt
Når kommunen ber Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) om hjelp til å finne fosterheim eller institusjon til barn som skal flytte, har Bufetat plikt til å finne eit forsvarleg tiltak. Tolkingsuttale frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) avklarar innhaldet i bistandsplikta. Bufetat skal alltid gjere ei sjølvstendig vurdering av om tiltaket dei tilbyr kan gje barnet den omsorga og hjelpa det treng.
04.06.2018
Korleis førebygge konfliktar på barneverninstitusjonar?
Bufdir har utarbeidd faglege råd om førebygging og handtering av konfliktfylte situasjonar på barnevernsinstitusjonar. Fylkesmannen ventar at alle institusjonar innrettar praksisen sin i tråd med desse tilrådingane.
28.05.2018
Nasjonal kartlegging av seksualitetsundervisninga
Som ein del av oppfølginga av "Snakk om det! Strategi for seksuell helse (2017 - 2022" har Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet sendt ut ei kartleggingsundersøking til alle skulane i landet.
Kontaktpersonar på avdelingane
Utdanningsavdelinga
Hanne Melander
Tlf. 55 57 22 65
Helse- og sosialavdelinga
Gudrun Skjærveland
Tlf. 55 57 21 29
Kommunal- og samfunnsplanavdelinga
Laila Pedersen Kaland
Tlf. 55 57 23 73
Administrasjons- og verjemålavdelinga
Anne Siri Nytveit
Tlf. 55 57 20 28
Landbruksavdelinga
Åse Vaag
Tlf. 55 57 21 88
Miljøvern- og klimaavdelinga
Kjell Kvingedal
Tlf. 55 57 23 12