Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Barnevernstenesta kan berre i avgrensa grad nytta private aktørar

Det har tidlegare vore noko uklart kva oppgåver etter barnevernslova kommunen kan la private aktørar gjennomføra på deira vegne. I Barne- og likestillingsdepartementets brev av 20 oktober 2017 til Fylkesmannen i Nordland, blir dette klargjort.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.11.2017

I brevet kjem det fram at barnevernstenesta ikkje kan delegera vidare sin rett og plikt til å utøva offentleg myndigheit etter barnevernslova til private, utan at det ligg føre ein uttrykkeleg lovheimel. Slik heimel finst berre for engasjering av sakkunnige, jamfør barnevernslova paragraf 4-3 fjerde og femte ledd.

Offentleg myndigheitsutøving kan ikkje gjerast av private

Offentleg myndigheitsutøving skjer der det offentlege tar avgjerder eller utfører handlingar der dei einsidig bestemmer noko over borgarane. At barnevernstenesta ikkje kan overlata dette til private, inneber at stillinga som barnevernsleiar (også fungerande leiar) ikkje kan delegerast eller tildelast til ein privat aktør. Private kan heller ikkje få mynde til å gjennomgå meldingar, gjennomføra undersøkingar eller bestemma at undersøkingar skal leggjast vekk. Ei heller kan dei bestemma at ei sak skal fremjast for fylkesnemnda eller møta som partsrepresentant her. Dei kan ikkje fatta enkeltvedtak, følgja opp og evaluera hjelpetiltak, velja og godkjenna fosterheimar, inngå fosterheimsavtalar, gi rettleiing og oppfølging til fosterforeldre og barn eller føra kontroll med barnets situasjon i fosterheim eller institusjon. Det same gjeld oppfølging av vedtak om kompetansen til å krevja politibistand etter barnevernslova paragraf 6-8.

Private aktørar kan hjelpa barnevernstenesta

Barnevernstenesta kan likevel få hjelp av private aktørar til å gjennomføra oppgåvene sine. I slike tilfelle kan den private aktøren ikkje få sjølvstendig ansvar for ei oppgåve som inneber utøving av myndigheit. Kommunen må dessutan ha tilstrekkeleg styring og kontroll med den private aktøren. Der det ikkje er mogeleg for kommunen å ha ei slik styring og kontroll som er nødvendig for lovleg å kunna nytta private til å gjennomføra oppgåver etter barnevernslova, må barnevernstenesta avstå frå dette.

Barnevernstenesta kan heller ikkje overføra sakene sine til andre kommunar

Barnevernstenesta kan heller ikkje delegera vidare myndigheita si til andre kommunar. Ved inhabilitet kan likevel barnevernstenesta søkja Fylkesmannen om å få oppnemnd settekommune.