61 ½ millionar kroner til stillingar i barnevernet
Den statlege styrkinga av stillingar i det kommunale barnevernet starta i 2013, og no i 2018 finansierer tilskotsordninga i alt 88,9 stillingar i Hordaland.
Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.
Det er Fylkesmannen som tildeler tilskotet, med pengar som er overført frå Barne- og likestillingsdepartementet. Føremålet med tilskotsordninga er å styrka barnevernet med nye faste stillingar. Tilskotet skal nyttast til løn og lønsrelaterte utgifter, som inkluderer arbeidsgjevaravgift samt pensjonsdel, feriepengar og eventuelle andre sosiale utgifter.
I statsbudsjettet for 2018 vart det sett av midlar til ytterlegare ei ny stilling i det kommunale barnevernet i Hordaland, og denne stillinga vart tildelt Bergen. I statsbudsjettforslaget for 2019 er det foreslått at ordninga med statleg tilskot til stillingar i det kommunale barnevernet skal halde fram også til neste år, sjå budsjettkapittel 854 post 60. På landsbasis skal løyvinga dekkje utgiftene til om lag 1 020 stillingar i kommunane. Dei kommunane/barneverntenestene som har fått tilskot i år, kan forvente tilsvarande tilskot til neste år, under føresetnad av at kriteria for å få tilskot framleis er oppfylt.
I alt 25 kommunale og interkommunale barneverntenester, samt tre ordningar med barnevernvakt, har i 2018 fått utbetalt til saman 61,5 millionar kroner i 2018. I tillegg kjem 3,9 millionar kroner som er overført frå 2017, slik at tiltaka i alt har 65,4 millionar statlege kroner til rådvelde i 2018.
Dei 88,9 stillingane fordeler seg slik:
Bergen |
33,3 |
Bergen barnevernvakt |
1,5 |
Sum |
88,9 |
*) Samarbeid mellom Fjell, Sund og Øygarden
Klikk på lenkja i høgremargen for å sjå oversikta over årets tilskot.