Tilskott til opplæring av barn og unge som søker opphald i Norge
- Søknadsfrist:
- 15. februar 2024
- Målgruppe:
- Kommunar og fylkeskommunen
- Ansvarleg:
- Reidun Nedrebø
Kommunar og fylkeskommunen kan søke Statsforvaltaren om tilskott til arbeidet med å gje barn og unge som søker opphald i Noreg opplæring. Tilskottet rettar seg inn mot barn og unge mellom 16 og 18 år, og gjeld både grunnskule og vidaregåande opplæring. Fristen for å søke om tilskott for hausten 2023 er 15. februar 2024.
Grunnskoleopplæring aldersgruppa 16-18 år
Barn og unge asylsøkarar og barn og unge som søker familiegjenforeining er omfatta av tilskottsordninga. Det eit krav at eleven oppheld seg lovleg i landet og at det blir gitt grunnskoleopplæring etter læreplanverket. Elevar i alderen 16-18 år utløyser statstilskott. Fyller eleven 18 år i løpet av skoleåret blir det gitt tilskott ut dette skoleåret. Kommunane søker Statsforvaltaren om tilskott. Når søknad om opphald er avgjort og asylsøkeren/eleven har flytta til bustadskommunen eller reist ut av landet, fell statstilskottet bort. Når søknad om familiegjenforeining er avgjort fell statstilskottet bort.
Vidaregåande opplæring aldersgruppa 16-18 år
Unge asylsøkarar og unge som søker familiegjenforeining er omfatta av tilskottsordninga. Det er eit krav at eleven oppheld seg lovleg i landet og at det blir gitt vidaregåande opplæring etter læreplanverket. Fyller eleven 18 år i løpet av skoleåret blir det gitt tilskott ut dette skoleåret. Fylkeskommunen søker Statsforvaltaren om tilskott. Når søknad om opphald er avgjort og asylsøkeren/eleven har flytta til bustadskommunen eller reist ut av landet, fell statstilskottet bort. Når søknad om familiegjenforeining er avgjort fell statstilskottet bort. Opplæring etter opplæringslova § 4a-1 andre ledd ("meir grunnskole") utløyser ikkje tilskott over denne tilskottsordninga.
Du finn lenke til meir informasjon og søknadsskjema i høgremenyen.
Søknadsfrist 15. februar.
- Søknadsfrist:
- 15. februar 2024
- Målgruppe:
- Kommunar og fylkeskommunen
- Ansvarleg:
- Reidun Nedrebø