Kommunalkomiteen besøkjer Møre og Romsdal
Stortingets kommunalkomité besøkjer Møre og Romsdal 25. og 26. februar 2013. Fylkesmann Lodve Solholm og fylkesordførar Jon Aasen er vertskap under besøket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Første dag av besøket er i Molde. Her skal komiteen mellom anna besøkje bedrifta Astero som er kåra til «Årets attføringsbedrift». Det blir omvising på Moldes nye jazz- og teaterhus Plassen, og komiteen vil og få ei orientering om fotballens betyding som regionbyggjar i fylket. Integrering av flyktningar, samhandlingsreforma og presentasjon av det interkommunale selskapet Gassror er andre tema denne dagen.
Tysdag 26. februar er komiteen i Ålesund. Her blir det besøk på Norsk Maritime Kompetansesenter, før fokus flyttas over på region- og kommunestruktur. Samanslåinga av Kristiansund og Frei, og Nordmøre sin plass i Møre og Romsdal er eigne tema. Mot slutten av besøket vil fylkesmann Lodve Solholm dele sine tankar om utfordringane Møre og Romsdal står ovanfor sett frå fylkesmannens ståstad.
Presse og media er velkomne til å følgje besøket. Alle møta i programmet er opne. Media/presse må sjølv sørgje for sin transport.
Under relaterte dokument til høgre på sida finn du program og anna informasjon om besøket.