Skjøtsel av trua kystlynghei
Kystlynghei er ein sterkt trua naturtype som treng skjøtsel for ikkje å forsvinne. Finn informasjon og rettleiing til å utvikle og gjennomføre bevarings- og forvaltningstiltak her!
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Liv Guri Velle frå Møreforsking og Pål Torvaldsen frå NIBIO har utarbeida to brosjyrar på oppdrag frå Miljødirektoratet som inneheld informasjon og vegleiing om lyngsviing og beiting av kystlynghei.
I brosjyrane Lyngsviing og Beiting i kystlynghei finn du meir informasjon og rettleiing om korleis ein skal skjøtte kystlynghei ved lyngsviing og beiting.
Lyngsviing, beiting og lyngslått
Kystlynghei er ein naturtype som består av opne heiprega områder knytt til kystnære strøk kor klimaet er fuktig og mildt. Røsslyng (Calluna vulgaris) er ein dominerande art i kystlyngheia. Kystlyngheia har utvikla seg ved langvarig skjøtsel gjennom lyngsviing, beiting, lyngslått, og gjerne en kombinasjon av desse. Slike kulturbetinga naturtypar kallas semi-naturlege, og er avhengig av riktig skjøtsel for å oppretthalde artsmangfald og økologiske funksjonar.
Sterkt trua
Kystlyngheiene er ein del av det europeiske kystlyngheiområdet som strekker seg langs Atlanterhavskysten frå Portugal i sør til Lofoten i nord. Kystlyngheia er vurdert til sterkt trua i Norsk rødliste for naturtypar (2018), sidan minst 80 prosent av totalarealet er forringa. Ei av dei største truslane for kystlyngheia i dag er at ho gror igjen som følgje av opphøyr av bruk eller endra bruk. At området vert dyrka opp, planta til med trær, bygd ut eller at framande artar etablerer seg er også store truslar for heia.
Må haldast i hevd
Det er nødvendig å utvikle og gjennomføre bevarings- og forvaltningstiltak for å sikre kystlyngheia i eit lengre tidsperspektiv. Kystlyngheia har eit stort biologisk artsmangfald som er avhengig av at områda haldast i hevd og skjøttast aktivt av menneske og husdyr. Det gis årleg tilskot til skjøtsel av kystlynghei både i miljøforvaltninga og i landbruket. Slik vert bønder og andre pådrivarar av kystlyngheia støtta i eit viktig arbeid. Statens naturoppsyn, og også andre, driv skjøtsel av kystlynghei i fleire av verneområda i fylket.