Opningstider for utsalsstader

Oppdatert 15.05.2024

Butikkar skal som hovudregel halde stengt på søndagar og heilagdagar. Statsforvaltaren kan gi dispensasjon frå dette. Du søkjer om dispensasjon direkte til Statsforvaltaren.

Når Statsforvaltaren behandlar søknader om å halde ope på søndagar og heilagdagar, legg vi vekt på omsynet til arbeidstakarane. Vi kan gi dispensasjon når det er særlege grunnar til det, til dømes i samband med større hendingar, idrettsmeisterskap, jubileum, stemne og marknader. Når vi behandlar ein søknad, vurderer vi alle sider ved arrangementet, også omsynet til arbeidstakarane ved utsalsstaden. Vi hentar inn fråsegner frå fleire partar, og du bør sende søknad om dispensasjon tre månader før den aktuelle søndagen eller heilagdagen.

Statsforvaltaren kan etter søknad frå kommunen avgjere at eit område skal reknast for typisk turiststad for heile eller delar av året. Då gjeld ikkje avgrensingane i opningstid i lov om heilagdagar og heilagdagsfred.

Vis meir


Publisert 24.03.2020

Informasjon til daglegvarehandelen om søndagsope

Det blir ikkje gjeve dispensasjon frå forbodet mot å halde butikkane ope på søn- og heilagdagar. Dersom situasjonen endrar seg, blir det gjort ei ny vurdering.